Privat bustad med kommunal tildeling/tilvising

Bustadane ved Smibrauta - Aure Panorama, i Kyrkjevegen 38 og Ullavikvegen 9 og 11 er private bustadar med kommunal tildeling. Kommunen tildelar bustadane etter søknad og etter dei kriteriar som kommunen og Husbanken har sett for tildeling/tilvising. Private bustadar med kommunal tildeling/tilvising er særskilt godt tilrettelagt for eldre/seniorar/personar med nedsett funksjonsnivå. 

Søker(ane) vert vurdert etter eitt eller fleire av desse kriteria; 

  • Må bu eller opphalde seg i kommunen 
  • Ha moderat funksjonssvikt, det vert vurdert om kommunal tildeling av privat bustad kan førebygge ytterlegare funksjonssvikt med siktemål om å bu lengre heime
  • Ha behov for helse- og omsorgsteneste av varig karakter
  • Einslege, med forsørgeransvar til barn med samansette behov, kan også vurderast.
  • Personar som har behov for tilrettelagt bustad i eit forebyggande perspektiv.

Søknadsskjema

Meir informasjon om bustadane

Smibrauta - Aure panorama (PDF, 2 MB)

Kyrkjevegen 38

Ullavikvegen 9 og 11 (PDF, 2 MB)

Kontakt

Møyfrid Kleppe Bakke
Leiar/sakshandsamar
E-post
Mobil 90 52 96 69

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post