Kva tilbyr vi?
Sykkylven omsorgssenter har 42 plassar i institusjon.
- 18 plassar for personar med alvorleg demens sjukdom, som har behov for å bu i mindre avdelingar tilrettelagt for skjerming.
- 10 plassar for somatisk - langtid/korttid.
- 1 plass for palliasjon.
- 1 plass for kommunal akutt døgnplass (KAD-plass). Skal erstatte innlegging i sjukehus for gitte avklara diagnoser. Her kan ein ligge i inntil 3 døgn. Tenesta er gratis. Fastlege eller legevakt avgjer om kommunal akutt døgnplass skal nyttast. Dersom pasienten/du trenger lengre innleggelse, overføres han/hun/du til korttidsopphald i institusjon.
- 12 plassar for korttid- og vurdering/behandling/rehabilitering.
Det er fellesstue med TV i dei ulike avdelingane og høve til felles måltid.
Sykkylven omsorgssenter har eige produksjonskjøkken.
Måltid:
- Frukost: kl 09-10.30.
- Lunsj: kl 12.
- Middag med dessert: kl 15.
- Kveldsmat: kl 19.
- Nattmat: for den som vil ha.
Kven kan få tilbodet?
Tilbodet er til pasientar som:
- Har behov for ei overgangsordning ved utskriving frå sjukehus.
- Har behov for å få kartlagt funksjonsnivå og vidare hjelpebehov.
- Har behov for opptrening/vedlikehaldstrening.
- Pårørande har behov for avlasting for omfattande omsorgsbyrde.
- Har akutt behov for observasjon og/ eller behandling.
- Har behov for palliasjon.
Kriterier for langtidsplass eller bustad med heildøgns helse og omsorgstenester:
- Kva type helse- og omsorgsteneste det er behov for og kor omfattande og varig behovet vil vere.
- Om pasienten eller brukaren har høve eller evne til å tilkalle hjelp ved behov.
- Om ein med hjelpemiddel eller ulike tilretteleggingar kan gjere tilpassingar som fremmer meistiring i eigen heim.
- Om alternativ til langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad er særskilt lagt til rette for heildøgns tenester er forsøkt og vurdert til å ikkje vere teneleg eller forsvarleg.
- Om pasienten er samtykkekompetent og har kognitive evner som ikkje medfører risiko for liv og helse.
- Ved vurdering av hjelpebehov skal LEON- prinsippet og omsorgstrappa (lavaste effektive omsorgsnivå) aktivt vere nytta for å tilby rett omsorgsnivå.
Korleis få tilbodet?
Søknadskjema helse og omsorgstenester.
Beskriv hjelpebehova dine, kva som er viktig for deg og kva tenester du meinar du har behov for.
Vi vurderer helsetilstanden din og finn det helsetilbudet som passer best for deg
Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på, kan du ta kontakt med heimetenestene som har base ved Sykkylven omsorgssenter. Servicekontoret i Rådhuset kan også hjelpe deg.
Har du utfordringar med å søkje elektronisk kan du skrive ut søknadskjema og fylle ut manuelt:
Søknad om helse og omsorgstenester - papirversjon (PDF, 678 kB)
Lov om helse- og omsorgstenester
Pasient og brukerrettighetsloven
Kva kostar det?
For korttidsopphald betalast det ein eigenandel. Eigenandelen er fastsett årleg gjennom Statsbudsjettet.
Sjå kommunen si oversikt over eigenandeler.
Dei som blir tildelt landtidsopphald, betalar ein viss andel av inntekta (pensjon, renteinntekter og liknande). Man kan ikkje kreve deler av forua (fast eigendom, bankinnskot, aksjar m.m) som betaling.
Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstenester regulerer størrelsen på betalinga.
Kva skjer vidare?
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 4 veker skal du ha mottat svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.
Klage
Vedtak om institusjon kan påklagast. Nærare informasjon om vilkåra for klage vert sendt ut med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell klage på saksbehandlinga, omfang av tenesta, eller kvaliteten på tenesta du har motteke, blir klagen anten tatt til følgje gjennom eit nytt vedtak eller du får avslag på klagen. Dersom du ikkje får medhald vert klagen sendt til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.
Klagefrist er 4 veker.
Pasient og brukerrettighetsloven
Det er fastlege som disponerer denne plassen i inntil 3 døgn per pasient.
Det er istadenfor sjukehus og kostar ikkje noko.
Etter 3 døgn går det over på korttidsopphald med korttidsbetaling viss pasienten ikkje kan reise heim.