Ergoterapi

Ergoterapeuten prøver å finne løysingar slik at den enkelte kan klare seg best mogleg heime, og i størst mogleg grad klarer å utføre kvardagsaktivitetar.

Ergoterapeuten leitar etter ressursar og startar derfor ofte med å spørre om kva som er viktige aktivitetar i livet ditt - og korleis du vil delta.

Kven kan få tilbod om ergoterapi? 

Alle som har utfordringar i dagleglivet kan få hjelp av ein ergoterapeut. Dette er uavhengig av alder og om du bur heime eller på institusjon. 

Tilbodet er gratis. 

Kva tilbyr ergoterapitenesta? 

Ergoterapeuten legg til rette for aktivitetar i dagleglivet, enten ved hjelp av trening, tilpassing av bustad og/eller med hjelpemiddel. 

Korleis kan eg få tilbodet? 

Den enkelte kan sjølv ta kontakt direkte og be om ein avtale. Det vert så gjennomført eit møte for å kartlegge utfordringane dine og finne ut kva tiltak som kan vere aktuelle. 

Pårørande eller andre tenester kan også henvise for deg, dersom du har gitt løyve til dette. 

I periodar der det er stor pågang kan det være ventetid. Dersom du ikkje kjem gjennom på telefon, kan du kontakte ergoterapeut på e-post.

Kontakt

Esther Kulleseid
Ergoterapeut vaksne
Mobil 91 00 47 30

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Tone Klakken Gjersrud
Ergoterapeut barn og vaksne
E-post
Mobil 95 97 70 99

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post