Korttidslån av enklare hjelpemiddel
Dersom du har behov for å låne hjelpemiddel i ein kort periode etter skade eller inngrep, kan du låne frå kommunalt kortidslager i inntil 3 månadar.
Kommunalt lager har blant anna:
- Toalettforhøgar
- Toalettstol
- Dusjkrakk
- Rullator
- Manuell rullestol
Krykker må kjøpast sjølv, enten på servicetorget i kommunen, eller på apotek. Ispiggar til krykker får ein kjøpt på apotek.
For å låne utstyr frå kommunalt hjelpemiddellager må du ha ein avtale på førehand. Kontaktinformasjon finn du nedanfor.
Varig behov for hjelpemiddel
Om du har varig behov for hjelpemiddel (meir enn 2 år) kan du få hjelp til å søke hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral. Ta då kontakt med ergoterapeut som vil hjelpe deg.
Kontaktinformasjon hjelpemiddel
Vakttelefon: 47 64 09 54
Telefontid: mandag - fredag kl. 08 - 12
E-postadresse: hjelpemiddel@sykkylven.kommune.no
Besøksadresse: Haugneset 16