Den offentlege tannhelsetenesta skal gjennom lov om tannhelsetenesta gi tannhelsetilbod til prioriterte grupper i befolkninga.
Sist endra 03.05.2024 11.20
Kven har rett til offentleg tannhelsetilbod?
Tilbodet gjeld for:
- Born og unge frå 0-18 år
- Psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon.
- Grupper av eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og som mottek heimesjukepleie.
- Ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret (med 75% reduksjon av takstar).
- Ungdom frå det året du fyller 21 år og til og med året du fyller 24 år kan du få tannbehandling til 75 prosent rabatt i den offentlege tannhelsetenesta.
Det fins og ikkje-lovpålagde grupper som har rett på gratis tannbehandling:
- Rusmisbrukarar i institusjon og personar som pga eit rusmiddelproblem mottek tenester etter Helse- og omsorgstenestelova, og personar under legemiddelassistert rehabilitering (LAR).
- Personar med psykiske lidingar som får poliklinisk behandling i spesialisthelsetenesta over ein periode på minimum tre månader.
- Personar i pleie av pårørande finansiert med omsorgsløn. Pleiebehovet må attesterast av lege.
Kontaktinformasjon finn du her.
Lenkje til:
Møre og Romsdal fylkeskommune - tannhelse