Kven kan få tilbod?
Vi vil gjere ei konkret vurdering av dine faktiske behov. Økonomisk sosialhjelp er ei rettigheit som i utgangspunktet gjevast utan vilkår, men alle under 30 år må gjennomføre visse aktivitetar som er avtalt med kommunen, for å få sosialhjelp.
Du kan også bli bede om å dokumentere kva andre muligheter du har forsøkt:
- Om du har søkt om bustøtte.
- Om du har benytta dine rettigheter til eventuelle trygdeordningar.
- Om du har kontakt med Nav og tek imot tilbod om arbeid eller kurs.
Korleis få tilbod?
NAV Sykkylven-Stranda ynskjer å få søknader om sosialhjelp digitalt, du kan søkje digitalt ved å følgje vedlagt link:
Søk om økonomisk sosialhjelp
Om du ikkje har muligheit for å søkje digitalt kan du nytte vedlagt papirskjema - dette må du printe ut og fylle inn:
Søknad om økonomisk sosialhjelp (PDF, 203 kB) - papirskjema.
Send søknaden til NAV Sykkylven-Stranda, Postboks 68, 6239 Sykkylven.
Ver merksam på at NAV vil trenge dokumentasjon for å behandle din søknad. Detaljar på kva dokumentasjon det er finn du i skjemaet.
Kva skjer vidare?
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Du får eit skriftleg vedtak når søknaden din er behandla. Dersom saksbehandlinga tek meir enn ein månad, får du eit foreløpig svar. Hvis du er i en nødsituasjon, skal du få eit raskt svar.