Følgjekort

Har du fysiske eller psykiske funksjonshemmingar kan du søkje om å få eit følgjekort. Følgjekortet gir deg rett til å ha med ein assistent/person som slepp å betale eller betale redusert pris for billetten sin. Dette kan til dømes vere på kultur- og fritidsarrangementer eller på offentleg transport. 

Kva får du?

Du får eit kort/bevis som gir assistenten din gratis tilgang eller redusert pris til kultur- eller fritidsarrangementer og transporttselskap som aksepterer ordninga. 

Følgjekortet er personleg med namn og bilete. Det står på kortet kor lenge det er gyldig, vanlegvis mellom to til fem år av gangen.

Krav til søkjar

Du treng ein uttale frå fastlege eller spesialist på at du har behov for ein eller fleire assistentar for å kunne delta på aktiviteter i fritida.

Varige fysiske eller psykiske funksjonshemmingar (mimimum to års varigheit).

Kva kostar det?

Følgjekortet er gratis.

På arrangementer eller offentleg transport kjøper du billett til ordinær pris, men får ta med deg ein assistent gratis eller til redusert pris der følgjekort er akseptert. 

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist, søknader blir handsama fortløpande. 

Slik søkjer du eller fornyer følgjekort

Søknadsskjema

Desse vedlegga må ligge ved søknaden: 

  • Passfoto.
  • Uttale frå fastlege eller spesialist.

Det er servicetorget som handsamar søknader om følgjekort.

Digitalt følgjekort

Vi har tatt i bruk og kan tilby digitalt følgjekort.  Da kan du laste ned følgjekortet ditt på telefonen din.  

Er du under 18 år må føresett / verge administrere det digitale følgjekortet. 

Lenkjer til meir informasjon om følgjekort

helsenorge.no - ledsagerbevis

bufdir - ledsagerbevis

Digitalt ledsagerbevis