Transportteneste for funksjonshemma (TT-ordninga)

Møre og Romsdal fylkeskommune har vedtatt  nye retninglinjer som vil tre i kraft 1. januar 2025.  I vedtaket står det at alle som har TT-kort i dag må søkje på nytt i 2024 for å bli med i ordninga frå og med 2025.  

Transporttenesta for funksjonshemma (TT-ordning)

TT-ordninga er eit tilbod om drosjeteneste frå dør til dør til personar som på grunn av funksjonshemming har vesentlege vanskar med å reise kollektivt. 

TT-kortet skal dekke fritidsreiser for brukarar, ikkje reiser til sjuketransport, legebesøk, reise til fysioterapi eller andre reiser som blir dekt av pasientreiser. 

Det er samferdelsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune som administrerer ordninga. Det er kommunen som tildeler brukarar etter søknad. 

Endring i ordninga frå 2024

Fylkestinget har redusert budsjettet for TT-kort frå 2024. Som følgje av dette må talet på personar i ordninga ned. 

  • Det er innført eigenandel på kr 40 per reise frå januar 2024.
  • TT-kortet kan ikkje brukast til å dekke eigenandelen.
  • Frå og med 01.11.2023 og ut 2024 får ingen nye personar TT-kort. 
  • Dei som allereie er med i TT-kort ordninga, må etter dei nye retningslinjene søkje på nytt om TT-kort for 2025. 

Kven kan søkje?

  • Du som har funksjonshemming som gjer at du ikkje kan nytte kollektivtransport.
  • Di funksjonshemming må vere varig (Minimum eitt års varigheit). 
  • Du må vere folkeregistrert i Sykkylven.

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist.  

Slik søkjer du

Du sender søknaden til kommunen, saman med legeerklæring som er utfylt av lege. Søknadskjema finn du lengre ned i denne artikkelen.
Adresse: Sykkylven kommune, Kyrkjevegen 62, 6230  Sykkylven. 

Vedlegg til søknaden

Erklæring frå lege.

Retningsliner for TT-kortet

Retningslinjer gjeldane frå 01. januar 2025

Søknadskjema

Skjema for søker - for utskrift og utfylling på papir (PDF, 882 kB)

TT-Kort - Skjema for søker - utfyllbar PDF (PDF, 293 kB)

Informasjon til søkjar på TT-ordning (PDF, 730 kB)

Legeerklæring 

Skjema for legeerklæring- for utskrift og utfylling på papir (PDF, 878 kB)

TT-Kort - Legeerklæring utfyllbar PDF (PDF, 256 kB)

Informasjon til lege om utfylling av legeerklæring TT-ordning (PDF, 731 kB)

Kor finn eg saldoen på kortet?

I dei fleste drosjene vil saldo på kortet komme fram direkte ved å trekke det gjennom taksameteret. Du kan også kontrollere saldoen ved ein av følgande måter: 

  • Gå inn på nettsida: rtt.no/tt 
  • Send sms med brukernummer til 404 66 000
  • Ring 51 90 90 01

 

Meir informasjon om TT-ordninga

finn du ved å trykke på lenkje til Møre og Romsdal fylke: Informajon om tt-ordninga