Pakkeforløp psykisk helse og rus

Pakkeforløpa skal bidra til gode, koordinerte og samanhengande tenester til brukar. Dei skal sikre samhandling mellom brukar, ev. pårørande, fastlege, spesialisthelsetenesta, kommunale helse- og omsorgstenester og andre relevante aktørar. 

Pakkeforløpa innførast trinnvis frå 1 januar 2019.

Dei først pakkeforløpa som er innført er:

  • Pakkeforløp for utredning og behandling i psykisk helsevern, vaksne.
  • Pakkeforløp for tverrfaglig spesialisert rusbehandling(TSB).
  • Mistanke om psykoseutvikling og psykoselidingar hos barn, unge og vaksne.
  • Tvangslidingar.

Fastlegen, Rus- og Psykisk Helseteam kan henvise til eit pakkeforløp. Spesialisthelsetenesta vurderar henvisninga.

Hensikta med henvisninga er at pakkeforløp skal gi pasient eller pårørande eit behandlingsløp som er heilheitleg og forutsigbart, utan unødig ventetid. 
Pasienten skal få meir innflytelse på behandlinga, og behandlinga skal evaluerast systematisk undervegs.
Forløpa skal også sikre likeverdig tilbud til pasient og pårørande uavhengig av kvar i landet ein bur.

Meir informasjon finn du her:

Helsedirektoratet - Pakkeforløp psykisk helse og rus.

Helsenorge, pakkeforløp.

Psykisk helsevern, Ålesund sjukehus.

Kontakt

Mariann Nytun Wilhelmsen
Fagleiar
E-post
Mobil 48 15 11 50

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post