Alle som har fast adresse kan få lånekort. Hugs å ta med legitimasjon. Barn under 15 år må ha underskrift frå foreldre eller andre føresette. Hugs å ta med lånekortet kvar gong du skal låne. Meld frå om flytting eller tap av lånekort.
Lånereglar
Alle som bur i landet har rett til å låne ved biblioteket. Alle utlån er gratis.
Alle kan få lånekort. Born under 15 år får lånekort mot underskrift av foreldre eller føresette som garanterer for at lånt materiale vert levert attende. Første lånekortet er gratis, men mister du det, må du betale kr. 10,- for å få eit nytt.
Lånetida er 30 dagar for bøker og lydbøker, 14 dagar for dvd-ar og 60 dagar for språkkurs. Lånetida kan forlengast viss bøkene ikkje er reservert av ein annan lånar.
Biblioteket kan reservere utlånte bøker, og skaffe bøker vi ikkje har frå andre bibliotek. Lånaren får melding når den etterspurde boka kan hentast på biblioteket.
Varselbrev vert sendt ut når lånt materiale ikkje er levert inn i rett tid.
Purregebyr
kr.10,- for 1. purring, kr. 20,- for 2. purring, kr. 50, - for 3. purring og erstatningskrav.
Overtidsbetaling
For dvd-ar kr.10,- pr. film pr. dag.