Sykkylven frivilligsentralFrivilligsentralen skal vere eit knytepunkt for frivillig aktivitet i Sykkylven kommune.Frivilligsentralen skal bidra til å gjere Sykkylven til ei enno betre kommune å bu i ved å synleggjere og ta i bruk dei frivillige ressursane i kommunen. Den skal vere eit knutepunkt og bindeledd mellom dei som vil yte ein ubetalt innsats i nærmiljøet og lokalsamfunnet og for dei som ynskjer å motta slik innsats. Sist endra 28.06.2024 10.45 Sykkylven frilligsentral held til i huset Fønix og drifter "Oskarbilen" og Utstyrssentralen. På utstyrssentralen kan du låne diverse utstyr til både sommer-/vinteraktiviteter gratis. Opningstider Opningstider er mandag, tysdag og torsdag kl. 09.00 - 15.00.Kom gjerne innom! Opningstider i fellesferien 2024I fellesferien, veke 28, 29, 30 og 31, er frivilligsentralen open torsdagar frå kl. 10.00 - 16.00. Vi vil ha fleire med på lagetHar du engasjement for andre menneske og kan tenke deg å bruke litt av tida di?Har du lyst til å hjelpe, eller treng du kanskje å treffe andre menneske?Har du en idé du ønskjer å sette ut i livet?Då kan du ta kontakt med frivilligkoordinator Tove Sperre på e-post: tove.sperre@sykkylven.kommune.no eller tlf: 90733379.Du kan også melde di interesse som frivillig ved å fylle ut og sende inn dette skjemaet: Registreringsskjema for frivilligePå frivilligsentralen legg vi til rette for, mobiliserer og samordnar frivillig aktivitet.Uansett kva interesser, ferdigheiter eller erfaring du har, bistår vi deg gjerne i å finne ei meiningsfull frivillig oppgåve, til beste for deg og oss.Det er du sjølv som bestemmer kor mykje tid du vil bruke – nokre få timar kan bety mykje for andre menneske!Kom gjerne innom for ein uforpliktande prat der vi kan snakke meir om korleis du kan bidra som frivillig og hjelpe andre!Du kan lese meir om det å vere frivillig. Sjå frivillig.noHeimesida til Fønixhuset