Utstyrssentralen

Utstyrssentralen er eit tiltak der du kan låne utstyr knytt til ein aktivitet du veit du likar, eller til ein aktivitet som utfordrar deg til å prøve noko nytt. Sentralen inneheld det meste for å kunne vere aktiv heile året. 

Målet er at fleire, og då spesielt born og unge, skal få høve til å vere fysisk aktiv, vere sosial samt oppleve aktivitetsglede i kommuna vår, og då utan å auke forbruket.

Utstyrssentralen har flytta til nye lokaler 

Utstyrssentralen har flytta til nye lokaler og held no til i kjellaren på biblioteket. 

Besøksadresse er Pilgata 10, 6230 Sykkylven. 

Opningstider

Måndag, onsdag og fredag frå kl. 10.00 - 16.00.

Tirsdag og torsdag frå kl. 12.00 - 19.00.

Laurdag, søndag og alle andre raude dagar er utstyrssentralen stengt. 

Opningstider i fellesferien 2024

I fellesferien, veke 28, 29, 30 og 31, er utstyrssentralen open mandag - fredag frå kl. 10.00 - 15.00.

Kriterier for å låne utstyr

  • du må vere over 18 år, 
  • ha bustadadresse i Sykkylven kommune, 
  • ha norsk mobilnummer,
  • vere registrert som lånetakar ved Sykkylven bibliotek 

Før du kan låne utstyr må du fylle ut eit registreringsskjema som du får ved biblioteket. 

Dersom du er under 18 år og vil låne utstyr, må ein ansvarleg lånetakar over 18 år fylle ut og signere eit fullmaktsskjema.

Fullmaktskjema får du ved biblioteket.

Lånevilkår 

Du kan låne utstyr for 1 veke (7 dagar) i gongen og lån er gratis. Det er personleg oppmøte både ved utlån av utstyr og ved innlevering av utstyr. 

Standard lånevilkår må signerast ved biblioteket. 

Utstyr du kan låne til sommeraktivitet

Informasjon på ulike språk 

Стандартные условия кредита (PDF, 2 MB)

Стандартні умови позики (PDF, 2 MB)

Дозвіл на позику обладнання в ЦЕНТРІ ОБЛАДНАННЯ особам віком до 18  (PDF, 164 kB)
років. 
 

Logo Sykkylven frivilligsentral - Klikk for stort bilete