Kjernejournal

Har du ein sjeldan sjukdom eller alvorleg allergi?

Våren 2015 fekk all innbyggjarane i Møre og Romsdal kjernejournal. Denne elektroniske tenesta samlar helseopplysningar som er spesielt viktig om du har behov for akutt hjelp og behandling ein stad du ikkje er vore før. Har du alvorlege sjukdomar eller allergiar kan du snakke med fastlegen din for å legge denne informasjonen inn i din kjernejournal.

1-2 prosent av innbyggarane i Noreg har ein sjukdom, tilstand eller allergi som gjer at akuttbehandling kan får alvorleger følgjer om legane ikkje får beskjed om dette. Slike opplysningar, som kan endre val av undersøkjing, behandling og oppfølging av deg på sjukehus, er kalla «kritisk informasjon» og er en viktig funksjon i kjernejournalen.

Det er legen som må registrere kritisk informasjon i pasientar sine kjernejournaler. Registreringa vil som regel skje i samråd med deg når du har legetime eller får behandling. Derfor vil ikkje kritisk informasjon ligge i kjernejournalen din før legen har registrert den.

Eksempel på kritisk informasjon er:

  • Alvorlege allergiar eller overfølsomhetsreaksjonar (t.d. allergi mot penicillin eller problem med narkose)
  • Implantater (t.d. shunt i sentralnervesystemet eller pacemaker)
  • Viktige behandlingar du får (t.d. dialyse eller cellegift)
  • Sjeldne, alvorlege tilstandar (t.d. blødersykdom, binyrebarksvikt, immunsvikt eller enkelte stoffskiftesjukdomar)

Om du har desse eller andre alvorlege allergiar eller sjukdomar, kan du be legen din registrere dette i din kjernejournal neste gang du har time. Er du i tvil, kan du også snakke med legen din om dette.