Luftveisinfeksjonar

Råd og informasjon vedrørande luftveisinfeksjonar.

Luftvegsinfeksjonar og symptom

Vanlege luftvegsinfeksjonar er mellom anna forkjølelse, influensa, covid-19 (korona), RS-virusinfeksjon, kikhoste og mykoplasmainfeksjon.

Symptom på luftvegsinfeksjon er som kjent feber, hoste, sår hals, snørr, hovudpine og nedsett allmenntilstand. Ved nyoppståtte luftveissymptom og nedsett allmenntilstand bør du halde deg heime inntil allmenntilstanden er betre for å unngå å smitte andre. Du reduserer også risikoen for smittespreiing ved å halde litt avstand.

Tiltak og behov for vurdering av lege

Dei fleste luftvegsinfeksjonar går over av seg sjølv. Ved bekymring for eiga eller barns helse, bør du kontakte legekontoret for råd. Legen vil vurdere behovet for oppfølging, avhengig av diagnose og sjukdomstilstand.

Forkjølelse skuldast virus og skal derfor ikkje behandlast med antibiotika.

Ved berre lette forkjølelsessymptom kan du leve som normalt. Barn kan gå i barnehage og på skule, og vaksne kan gå på jobb når det er restsymptom som snørr uansett farge og tykkelse, hesheit og noko hoste.

Begrens eller unngå besøk til personar i risikogrupper medan du har symptom, dersom det er mogleg. Bruk helst munnbind i nærkontakt med personar i risikogrupper.

Tiltak ved hoste

Barn med forkjølelse hostar ofte. Nokre barn kan hoste til dei brekker seg. Slike brekningar er ufarlege. Nokre virusinfeksjonar kan gi hoste i opptil eit par månader utan at barna har andre plager.

Ved hoste og andre luftveissymptom kan det vere gunstig å ligge med heva overkropp om natta. Ved å sove i eit kjølig soverom kan symptomene ved falsk krupp og astma bedrast. Barn med hoste og pustevanskar er ofte engstelege. Bevar roen og trøyst barnet. Drikk jamnleg, gjerne vatn. Slim i luftveiane blir fjerna effektivt når ein hostar. Hoste skal derfor ikkje alltid behandlast eller undertrykkjast. Hostesaft helbreder ikkje, men kan lindre.

Det er no høg førekomst av både mykoplasmainfeksjon og kikhoste, som begge kan gi kraftig hoste. Om du får luftvegsinfeksjon med unormalt kraftig hoste, bør du vurdere å kontakte lege.

Tiltak ved feber

Feber har symptom som varierer etter kva som forårsakar feberen, men desse inkluderer ofte frysetokter når feberen stig, og svettetokter når den synker. Du kan også føle deg svak, ha hovudpine og muskelsmerter.

Barn toler som regel feberen godt. Om barnet ikkje er medtatt eller har nevneverdige plager, kan du vanlegvis vente 2-3 dagar før du kontaktar lege. Hugsa at du bør måle om barnet faktisk har feber. Barn kan virke varme utan å ha feber.

Det er vanleg å definere feber som temperatur over 38°C målt i endetarmen. Temperaturen målt i endetarmen er mest påliteleg, og bør nyttast om ein har behov for presise mål. Temperaturen kan også målast i munnen, i øyret, i panna eller i armhola, men desse målingane er mindre pålitelege.

Få ned temperaturen

  • Ta av klede.
  • Sørg for at den sjuke har det komfortabelt og at det er kjølig i rommet.
  • Legg eventuelt ein kjølig klut over panna.
  • Gi rikelig med kjølig, mild drikke.
  • Inntak av paracetamol eller ibuprofen eller eit salisylat (f.eks. Aspirin) reduserer vanlegvis feberen hos vaksne.
  • Til barn bør ein ikkje gi salisylat, men ibuprofen eller paracetamol i anbefalt dose. Ibuprofen ser ut til å virke raskare og lengre.

Tilkall lege:

  • Om barnet er 3 månader eller yngre.
  • Om barnet har ein temperatur høgare enn 40°C.
  • Hos vaksne dersom temperaturen er høgare enn 40°C eller ved feber over 39°C i meir enn tre dagar.
  • Ved kraftig hovudpine, stiv nakke, hevelse i halsen eller svekka medvitsheit, vanskeleg å vekke skikkeleg.
  • Ved uvanleg utslett.
  • Ved feber og magesmerter.
     

Barnehage:
Barn med feber bør fyrst og fremst av omsyn til seg sjølv haldast heime til dei er feberfrie. I nokre samanhengar kan det vere ønskjeleg av smittevernhensyn.

Følg smittevernråd, testing er ikkje nødvendig

Det er ikkje lenger ei generell anbefaling til befolkninga om testing for korona. Testane byrjar også å gå ut på dato. Sidan ei rekkje virus og bakteriar kan forårsake luftveissymptom, og det er ønskjeleg å begrense spreiinga av desse, anbefaler vi at du følgjer smittevernråda uavhengig av kva slags virus eller bakterie du er smittet med.

Det er ei god regel å kontakte lege dersom du blir sjuk og er bekymra for di eiga eller ditt barns helse.

Folkehelseinstituttet har oppdatert nettsidene sine med råd til befolkninga.

Les gjerne meir her:

 Luftvegsinfeksjonar - råd og informasjon til befolkninga - FHI.

Luftvegsinfeksjonar - FHI.

Hoste hos barn - Helse Norge.

Feber hos barn - NHI.

Når må barnet være hjemme fra barnehagen - FHI.