NAV-søknadar

NAV-saksbehandling er krevjande. Fastlegen er sakkyndig for NAV og skal samtidig belyse saka frå pasienten sin ståstad. Det er ofte ei utfordring å få inn nok informasjon i tide.

Pasientane må sjølv registrere søknad hjå NAV. NAV kontakter fastlegen etter mottatt søknad.

Du kan sjølv lette saksbehandlinga hjå NAV. Det er tre skjema som kan fyllast ut. Desse finn du her: SKJEMA1.eu . Utfylte skjema kan leggast ved NAV søknad.

Det er alltid pasienten som har ansvaret for at ein attest kjem fram til NAV eller forsikringsselskapet i rett tid.  Derfor er det viktig at søknadar meldast inn til NAV så tidleg som mogleg. 

Resepsjonen vidareformidlar alltid din beskjed til fastlegen same dag. Fastlegen gjer prioriteringar på kva saker som skal løysast først. 

Legar har plikt til å gi legeerklæring innan rimeleg tid når NAV ber om det, jf. folketrygdloven § 21-4 andre ledd. Svartida bør normalt ikkje overstige tre veker for erklæringar som ikkje krevjer eigen undersøking av pasienten, og seks veker for erklæring som krevjer slik undersøking, jf. ”Normaltariff for fastleger og legevakt»

Kan ikkje fastlegen din levere attesten i tide, må du be NAV, eller forsikringsselskapet om utsetjing. Nav kan løyse saken direkte med fastlegen din, eller peike ut ein annan lege som kan gå gjennom saka di.