Kjære pasientar!
Saman skaper vi eit effektivt og trygt legesenter.
For å sikre god flyt og minimal ventetid, ber vi om at alle pasientbesøk – enten det er for konsultasjonar, blodprøvetaking eller andre tenester – avtalast på førehand. Dette bidreg til færre personar i venterommet, raskare behandling, og eit trygt miljø med tanke på smittevern.
Det er viktig at du som pasient gjer deg kjend med helsenorge.no. All elektronisk kommunikasjon til og frå Sykkylven legesenter vert formidla der.
Takk for at du hjelper oss med å gjere legesenteret best mogleg for alle!
Publisert 16.02.2024 14.25
Sist endra 16.02.2024 14.25
Retningslinjer for ditt besøk ved legesenteret
Vi er glade for å ha deg som pasient og ønskjer å tilby den beste omsorga. Vennlegast sjå på følgjande informasjon for å forstå korleis vi kan samarbeide best mogleg:
Reseptar: Vi treng 2-3 arbeidsdagar frå førespurnad om fornying til resepten er klar. Husk å planlegge i god tid, spesielt før feriar og i desember. Reseptar kan bestillast på helsenorge.no. Der ser du og om du har gyldige reseptar.
Tidsplan: Ver så snill å respektere tidspunktet for din avtale. Dersom du blir forsinka, påverkar dette alle etter deg.
Konsultasjonar: Vi ønskjer å gi alle ein roleg og trygg konsultasjon. Det kan oppstå situasjonar som forstyrrar dette, då vil vi vennleg be om å fortsette samtalen på eit seinare tidspunkt.
Timeavtale: Vær så snill å ikkje møte opp utan ei førehandsavtalt tid. Dette sikrar ei smidig og trygg oppleving for alle.
Prøver: Vi tek ikkje imot prøver, inkludert urinprøver, utan førehandsavtale med oss.
Tilbakemeldingar: Dersom du har bekymringar eller klagar, la oss snakke om det separat frå din vanlege konsultasjon. Vi set pris på både positive og negative tilbakemeldingar, og jobbar fortløpande med forbetring.
Medisinsk undersøking/henvisning: Vi følger nøye med på retningslinjer når vi bestiller undersøkingar. Fastlegen vurderer kvar enkelt sak.
Sjukemeldingar: Benytt Norsk funksjonsskjema for å dokumentere funksjonssvikt. Husk å bestill legetime/telefontime for vurdering av videre sjukmelding, og ver oppmerksam på at vi ikkje kan tilbakedatere meir enn tre dagar. Sjå eigen informasjon om sjukmelding.
NAV-saker: Vi treng detaljert dokumentasjon frå deg for å kunne hjelpe best mogleg med NAV-relaterte saker. Sjå eigen informasjon om NAV-saker.
Helseforsikring: Kontakt forsikringsselskapet ditt for spesifikke førespurnadar. Ditt forsikringsselskap vil så kontakte legen din. Du bestiller sjølv time for gjennomgang av dine helseopplysningar.
Heimeutstyr: Det kan vere lurt å ha utstyr som vekt, termometer og blodtrykksmålar heime for å følgje med på eigen og barna dine si helse.
Viktig informasjon: Gi beskjed og vis fram frikort. Følg med på dine avtalar og reseptar via helsenorge.no for oppdatert informasjon.
Betaling: Husk å betale etter endt konsultasjon på vår betalingsautomat på venterommet. Her kan du velje kort, faktura eller sms. Ved uteståande betaling vil Convene først sende betalingsopplysningar på sms. Då har du 24 timar før det vert sendt ut faktura på papir. Du finn meir informasjon om betaling her.
Takk for at du tek hensyn til desse retningslinjene. Det hjelp oss å gi deg og andre pasientar den beste omsorga.