Sjukt barn - kan det gå i barnehagen?
Feber
Eit barn med feber bør vere heime til det er feberfritt. Barnet sin normale temperatur kan variere. Temperatur meir enn 37,5 grad om morgonen og 38,0 på kvelden vert anset å være forhøgja temperatur. Eit barn med feber bør fyrst og fremst av omsyn til seg sjølv haldast heime til det er feberfritt.
Bronkitt/forkjøling/øyreverk - Allmenntilstanden avgjer.
Vannkoppar - Det vert anbefalt at barnet haldast heime i 4 dagar etter at fyrste vannkopp kom, eller til siste vannkopp har begynt å tørke inn. Dette forutset at det er minimal risiko for at barnet kan smitte personar som ikkje bør verte smitt (immunsvekka personar, eller gravide som ikkje har hatt vannkoppar). Barn med vannkoppar gir ikkje helvetesild hjå vaksne.
Brennkoppar - Det vert anbefalt at barnet haldast heime til utslettet er under kontroll (tørka inn/tildekka), eller til dagen etter dykk har begynt effektiv behandling.
Omgangssjuke - Barn med oppkast/diaré kan vende tilbake 2 døgn etter at det har blitt symptomfri.
Augebetennelse - Dersom behandling vert igangsett kan barnet vende tilbake dagen etter igangsatt behandling. Kun ved kraftig augebetennelse med rikeleg danning av puss bør barnet av smittevernomsyn haldast heime inntil dette har avtatt.
Halsbetennelse/skarlagensfeber - Ved halsbetennelse med streptokokkar (skarlagensfeber) kan barnet vende tilbake når det har vert på full penicillindose i minst eitt døgn.
Kikhoste - Barn kan vende tilbake dagen etter igangsatt behandling. Friske nærkontaktar som får behandling treng ikkje å halde seg heime.
Lus - Påvist lus krev behandling som skal startast raskest mogleg. Bruk lusekam ein gong pr. dag i 2 veker. Unngå deling av haudeplagg.