Praktisk informasjon
Betaling
Eigendel for legekonsultasjon skal betalast på betalingsautomat ute på venterommet.
Dersom eigendel ikkje blir betalt på betalingsautomat vil det automatisk bli sendt ut ein giro, fakturagebyr vil då komme i tillegg.
Husk å fremvise frikort når du er på legevakta då dei har eige journalsystem. Ver oppmerksam på at sjølv om du har frikort eller anna fritak frå eigendel for behandling skal du likevel betale for tenester som ikkje blir dekt av Helfo. Dette kan vere bruk av utstyr og materiell, eller kjøp av materiell og attestar m.m.
Spørsmål om faktura må rettast til legevakta på dagtid mellom 08:00-15:00.
Transport
Du kan få dekt pasientreisa di når legen vurderer at det er medisinske årsaker til å reise med drosje.
Ring til legevakta for å gjere avtale om du kan/vil få dekt drosjerekvisisjon.
Sjå meir informasjon om pasientreiser.
Parkering
Det finst parkeringsplassar for besøkande ved hovudinngangen til legevakta.
Reseptar
Legevakta skriv berre ut medisinar som gjeld den akutte behandlinga. Vanedannande medisinar (gruppe B) blir kun skrivne ut når det er nødvendig, og alltid i minstepakningar. Faste medisinar må ein få resept på hos fastlegen. Reseptar hentast ut på apotek. Dersom apoteket er stengt får ein med seg startdosen på behandlinga frå legevakta.
Apotek
Vaktapotek: Apotek 1 Klokkersundet i Klokkersundvegen 2, 6015 Ålesund har opent søndagar kl 18.00 – 20.00.
Nyttige lenkjer:
Giftinformasjon - Helsenorge.no
Kjernejournal - Helsenorge.no