Opningstid og kontakt

Kjære pasientar!
Saman skaper vi eit effektivt og trygt legesenter.
For å sikre god flyt og minimal ventetid, ber vi om at alle pasientbesøk – enten det er for konsultasjonar, blodprøvetaking eller andre tenester – avtalast på førehand. Dette bidreg til færre personar i venterommet, raskare behandling, og eit trygt miljø med tanke på smittevern. 

Elektronisk kommunikasjon 

Det er viktig at du som pasient gjer deg kjend med helsenorge.no. All elektronisk kommunikasjon til og frå Sykkylven legesenter vert formidla der. På helsenorge.no kan du også fornye reseptar og bestille legetime. Du må identifisere deg med BankID. 

Gå til helsenorge.no

Opningstider ved Sykkylven legesenter

Mandag - fredag 08:10 - 15:00 
Torsdag 09:00 - 15:00

Sentralbordet er stengt mellom kl. 12:00 - 13:00. 

Laboratoriet har same opningstid som legesenteret, og er stengt mellom kl. 12:00 - 12:45. 

Ved ferie og høgtider er det andre opningstider eller stengt. Informasjon blir oppdatert fortløpande. 

Kontaktinformasjon

Telefon sentralbord: 70 25 50 50

Telefon legevakt ettermiddag/kveld: 116 117

Nødhjelp: 113

E-postadresse: legesenter@sykkylven.kommune.no. 
Nb! Ikkje send sensitive opplysningar. E-post skal ikkje brukast til timebestilling eller bestilling av reseptar.

Besøksadresse

Sykkylven legesenter
Haugneset 20 
6230 Sykkylven

Kontakt

Sykkylven legesenter
Sykkylven legesenter
Mobil 70 25 50 50