BakkeplaneringMed bakkeplanering meiner ein arbeidet med å gjere brattlendt eller kupert dyrkbart og tidligare dyrka areal skikka for maskinell jordbruksdrift.Reglar for bakkeplanering står i kapittel 4 i forureiningsforskrifta. Det vert rekna som planering etter denne forskrifta når det vert flytta masse som omfattar eit areal på minst 1,0 dekar. Sist endra 25.01.2024 13.56 Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon Alle anlegg (eksisterande og nye) må være innretta slik at det ikkje oppstår forureining.Planeringsfelta skal vera utført i samsvar med Tekniske retningslinjer for anlegg, drift og vedlikehold av planeringsfelt fastsett av Landbruksdepartementet.Søknad, løyve m.v.Det er søknadsplikt for anlegg av planeringsfelt. Før planlegging av planering vert sett i gang skal det sendast ein forenkla søknad til kommunen.Den forenkla søknaden skal innehalde kart som viser kva område som vil bli omfatta av planeringa. Viktige natur/terrenginngrep, bekkelukkingar o.a. skal merkast av på kartet. Kommunen avgjer på bakgrunn av den forenkla søknaden om planeringa krev løyve etter forskrifta.Eigar og brukar av areal som er eller blir planert, er ansvarlig for at reglar om bakkeplanering med tilhøyrande retningslinjer vert følgt Tekniske retningslinjer for anlegg, drift og vedlikehold av planeringsfelt Jordlova Kulturminnelova