JordprøverDet er eit krav at alle føretak som disponerer jordbruksareal med planteproduksjon, og som har rett til produksjonstilskot i jordbruket, skal ha gjødslingsplan, jf. forskrift om gjødslingsplanlegging. For å kunne lage gode gjødselplaner er det naudsynt å kjenne næringsinnhaldet i jorda. Det kan ein finne ved å analysere jordprøver henta frå dei ulike teigane som skal gjødslast. Nye jordprøver bør takast minst kvart 4-8. år. Gjødselplanen kan du anten lage sjølv, eller du kan kjøpe tenesta frå til dømes Landbruk Nordvest. Kommunen har jordprøvebor til utlån og små pappesker til å samle jordprøvene i. Sist endra 25.01.2024 13.56 Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon Pris Prisliste finn du på eurofins.no. Kommunen tar kr 260 for innsending av jordprøver til Eurofins. Du kan sjølv sende inn prøvene til analyse om du ønskjer det. Bestillingsskjema (PDF, 627 kB) Prisliste (PDF, 2 MB) Slik tek du jordprøve (PDF, 518 kB)