Husdyr på utmarksbeiteBeitedyra er viktig for å halde utmarka open, samtidig eit viktig næringsgrunnlag for landbruksnæringa.Har du tenkt over at beiting bidreg til god dyrevelferd, god utnyttelse av naturressursar og gir oss eit ope kulturlandskap som vi kan bevege oss i?Vi er derfor avhengig av godt samarbeid mellom turgåaren og landbruksnæringa for å kunne oppretthalde eit ope landskap for alle, der det er plass til både den eventyrlystne og beitedyr.I Sykkylven er det bandtvang i perioden 1. april - 30. september. (I einskilde område er det bandtvang heile året. Dette er ved friområda våre på Aursneset, Haugneset og badeplassen på Andestad. Det inkluderer også skuleområde, kyrkjegardar og idrettsanlegg, samt oppkøyrde løyper rundt Nysætervatnet). Publisert 17.04.2024 13.01 Sist endra 22.08.2024 16.37 SauvettreglarSau er på utmarksbeite i perioden mai til oktober.La dyra gå i fredVis omsynGå godt ut til sidaStopp bilen og slepp saueflokken forbi. Dette gjeld særleg i sankeperioden.Kuvettreglar Kyr er på utmarksbeite i perioden mai til oktober.Hald avstad og unngå ferdsel mellom dyra.Gå ikkje nær kyr med kalv, kyrne likar IKKJE at du er nær kalven. Hald avstand om du ser ein kalv, for mor er nær.Kyr på beite og hund er ikkje venner, unngå å gå i områder med storfe.Trekk deg rolig tilbake om kua er pågåande, unngå blikkontakt. Dersom du må tilbake, vent til dyra har trekt seg vekk.Meld om skade dyr Nedanfor finn du ei liste over kven du kan kontakte dersom du finn skade eller døde beitedyr i utmarka. Kontaktliste (PDF, 521 kB) Beate Grebstad