Regionale miljøtilskot

 

Miljøvirkemidla i regionale miljøtilskot i jordbruket skal møte viktige miljøutfordringar i fylka med lokalt tilpassa virkemidlar. Statsforvaltaren fastsett forskrift og retningslinjer i samråd med organisasjonane i næringa, innafor rammer gitt i nasjonalt miljøprogram.

Alle føretak som har rett til produksjonstilskot, kan også søkje om regionale miljøtilskot. Kommunen tek i mot, behandlar og avgjer søknader om tilskot, og svarar på spørsmål om konkrete saker. Søknadsfristen er 15. oktober for føretak og 15. november for beitelag. Utbetalinga skjer i mars året etter. 

Søknadsskjema for regionale miljøtilskot (RMP)

Meir informasjon om ordninga finn du på Landbruksdirektoratet og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sine nettsider. 

Kontakt

Mandy Häger
Jordbrukssjef
E-post
Mobil 47 71 57 41

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post