Tilskot til tiltak i beiteområdeFøremålet med ordninga er å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremme fellestiltak i beiteområda.Søknadsfrist er 15. februar kvart år. Sist endra 02.02.2024 12.42 Kven kan søkje?Beitelag og andre former for organisert samarbeid (t.d. grunneigarlag, radiobjellelag) som er registrert i einingregisteret og som driv med næringsmessig beitedrift kan søkje om tilskot til tiltak i beiteområde. I område der det pga. naturgitte eller driftsmessige høve ikkje ligg til rette for samarbeid kan føretak som oppfyll krava i forskrift om produksjons- og avløysartislkot § 2 også søkje om tilskot.SøknadsskjemaType tiltakTilskotet er delt inn i to ulike grupper tiltak - Planleggings- og tilretteleggingsprosjekt, samt tilskot til investeringar knytt til utmarksbeita.Planleggings- og tilretteleggingsprosjekt kan vere ulike typar prosjekt som rettar seg mot organisering og tilrettelegging av utmarksbeita for god og effektiv beitebruk. Dette kan m.a. omfattePlanlegging og prosjektering av faste installasjonarNy organisering av beitelag og utmarksbeiteområdeProsjektretta arbeid for stimulering til auka beitebruk og rasjonell utnytting av beitaTidsavgrensa utprøving av nytt utstyr som kan bidra til effektiv og god beitebrukUtarbeiding av planar (beitebruksplan, tiltaksplan, beredskapsplan mv.) for utmarksbeiteVegetasjonskartleggingVidare kan ein få tilskot til mobile og faste investeringstiltak. Dette kan omfatte:Sperregjerder som skal hindre beitedyr i å komme ut av beiteområdet. Sperregjerder kan også tene til å avgrense beiteområdet mot veg, jernbane, tettbygde strok og samanhengande jordbruksområde. Det kan ikkje gjevast tilskot til gjerding mellom inn- og utmark som fell inn under lov om grannegjerde.Ferister som er av godkjent fabrikat eller bygd etter standardteikningar.Bruer. Ein kan gje tilskot til bruer som er dimensjonert for føring av beitedyr. Dersom bruene er kraftigare dimensjonert kan kostnadsoverslag eller del av tilskot reduserast tilsvarande.Gjeterhytter. Kostnadsoverslag for gjeterhytter kan omfatte hytter på inntil 20 m2 med kvadratmeterpris som tilsvara gjennomsnittleg kostnad for hytter av enkel standard i det aktuelle området.Sanke- og skilleanlegg.Anlegg/rydding/ utbetring av driftevegar.Saltsteinsautomater.Transportprammer.Elektronisk overvåkingsutstyr (radiobjeller, lammenoder, merkesavlesere, findmysheep, droner mv.).Elektronisk gjerde (f.eks. av typen Nofence). Tiltaksstrategi (PDF, 354 kB)Frist for gjennomføringTiltaket skal vere gjennomført innan 3 år etter at tilskotet vart innvilga, med mindre kommunen har sett ein kortare frist. Kommunen kan etter søknad forlenge gjennomføringsfristen, men ikkje ut over 5 år frå tilskotet vart innvilga.