AvtaleGiro og eFakturaeFakturaMed eFaktura vil du få rekningane dine rett i nettbanken i staden for postkassa di. Du slepp å taste inn betalingsinformasjon, og du treng berre å godkjenne fakturaen i nettbanken. Du vil kunne sjå fakturaen i nettbanken når du måtte ynskje det. I nettbanken din finn du informasjon om korleis du opprettar eFaktura-avtale.Meir informasjon om eFaktura AvtaleGiroMed AvtaleGiro vert rekningane din automatisk betalt på forfallsdato. AvtaleGiro opprettar du enkelt i nettbanken din. Har du ikkje nettbank, kan du likevel opprette AvtaleGiro ved å ta kontakt med banken din. Du må då ha ein faktura frå kommunen tilgjengeleg.Meir informasjon om AvtaleGiro Kombinasjon av eFaktura og AvtaleGiro vil medføre at du slepp å godkjenne betaling av fakturaen. På forfallsdato vil den automatisk bli trekt frå kontoen din. Du blir varsla pr. e-post når fakturaen er tilgjengeleg i nettbanken din. Du må opprette både eFaktura-avtale og AvtaleGiro.