Etablerarprøve for serveringsverksemdKven kan ta prøva?Alle som ønskjer det kan ta Etablerarprøva. Den som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad må ha bestått Etablerarprøva. Sist endra 26.08.2024 15.00 Kor tar du prøva?I servicetorget på rådhuset. Du kan også ta prøva i andre kommunar. Gjennomføring av prøva Ta med gyldig legitimasjon (pass, førarkort eller bankkort med bilete) Prøva er ei elektronisk fleirvalsprøve med varigheit på inntil 90 minutt Du må svare riktig på 40 av 50 spørsmål Prøva er på norsk Det er høve til å bruke ordbok og lovsamlingTilrettelegging ved spesielle behov Om du har dysleksi, kan du få 30 minutt ekstra tid (krev legeattest) Har du andre utfordringar, legg vi til rette så sant det let seg gjere Tilrettelegging må avtalast på førehandKva kostar det? Etablerarprøve for serveringsverksemd Prøve Pris Etablerarprøve 400 kr Forskuddsgebyr. Beløpet må vere betalt før du kan ta prøva. Kor mange gongar kan du ta prøva?Du kan ta prøva på nytt heilt til du består. Du må betale gebyr for kvar prøve.Kva er pensum?Boka "Læremateriell - Etablererprøven for serveringsvirksomheter" er pensum. Denne kan du kjøpe på hos VINN (vinn.no) PrøvebevisAlle som består Etablererprøva får eit prøvebevis som det er viktig å ta vare på. Det er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Vi sender beviset til deg per post.