Sletting av eigarseksjonarDersom det ikkje lenger er ønskeleg at eigedommen skal vere eit eigarseksjonssameige, kan ein be om at seksjoneringa blir sletta. Publisert 20.11.2024 09.28 Sist endra 20.11.2024 11.04 Kriterier for å slette seksjonering Alle seksjonseigarane må signere på søknaden. Eventuelle fullmakter må sendast inn. Desse må vere originale eller stadfesta rett kopi og ikkje eldre enn 6 månadar. Det er nødvendig med uttrykkeleg samtykke frå pantehavarane og urådighetshavarar for å slette seksjoneringa, fordi panteobjektet endrar karakter.Både erklæring og samtykke må vere på papir, i original form. Slik søker du Du søker å slette ei seksjonering ved å fylle ut søknadsskjemaet “Søknad om sletting av seksjonering”. Søknaden må sendast til kommunen pr. post då vi må ha originale signaturer. Søknad om sletting av seksjonering (PDF, 468 kB)