BTI i Sykkylven (Betre Tverrfagleg Innsats)Sykkylven kommune bruker samhandlingsmodellen Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) for å sikre god samhandling mellom interne kommunale tenester og eksterne tenester som arbeider med barn og unge. Modellen er også kjent som Betre Tverrfagleg Samhandling (BTS) Sist endra 26.02.2025 13.25 Handlingsforløp i BTIDet overordna formålet med BTI-arbeidet er å sikre at barn, unge og deira familiar får nødvendig hjelp så tidleg som mogleg. Målgruppa for BTI-modellen er barn, unge og gravide som treng hjelp, støtte og merksemd i korte eller lengre periodar i livet. BTI-modellen skal kvalitetssikre heilskapleg og koordinert innsats frå involverte tenester utan brot i oppfølginga. BTI bidreg til tidleg innsats, samordning mellom ulike tenesteområde og medverknad. BTI-modellenBTI-modellen deler arbeidet inn tre fasar:IdentifiseringLokal innsats, i barnehagen/på skulen.Tverretatleg samarbeidBasistenester, som barnehage og skule, har ei viktig rolle i BTI. Dei skal både identifisere og sette i verk tiltak tidleg. Identifisering er også eit ansvar for alle hjelpetenester (helsesjukepleiar, PPT, ergo- og fysioterapeutar, og barnevern). Tenester som er i kontakt med vaksne har eit spesielt ansvar med å identifisere barn som pårørande.Sjå handlingsrettleiar og tiltaksoversikt i Sykkylven kommune.Tiltaksnivå i BTI-modellenBTI-modellen er delt inn i fire tiltaksnivå:Nivå 0: Bekymringsfase. Her definerer ein uroa for eit barn, og deler uroa med andre (t.d. med næraste leiar, foreldre/føresette).Nivå 1: Her jobbar tenesta (t.d. barnehage, skule) saman med føresette og barn for å finne ei løysing. Dette skjer i utgangspunktet internt innan kvar enkelt teneste/avdeling.Nivå 2: Her er det eit tverrfagleg samarbeid mellom to (eller fleire) kommunale tenester, føresette og barn/ungdom for å løyse utfordringaNivå 3: Her vert også tilviste tenester kopla på for å løyse meir komplekse utfordringar (t.d. spesialisthelsetenesta). Dette er eit meir omfattande tverrfagleg samarbeid mellom fleire tenester.