Reglar for fritak / permisjon utanom skulen sine ferie og fridagar

Reglementet vart vedteke i levekårsutvalet 12.01.2016.

Opplæringslova §2-11 seier følgjande om fri frå skulen:

«Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker. Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute». Paragrafen må sjåast i samanheng med § 2-1 som omhandlar rett og plikt til grunnskuleopplæring: «Barn og unge har plikt til grunnskoleopplæring, og rett til ein offentleg grunnskoleopplæring i samsvar med denne lova og tilhøyrande forskrifter. Plikten kan ivaretakast gjennom offentleg grunnskoleopplæring eller gjennom anna, tilsvarande opplæring.» 

 

For elevar i grunnskulen i Sykkylven inneber dette følgjande:

 

1. Rektor ved skulen har delegert mynde til å gi fri etter desse reglane i inntil 10 skuledagar.

Når rektor skal vurdere slike søknadar, skal følgjande forhold leggast til grunn:

a. Permisjon i inntil 10 skuledagar kan berre verte gitt om det vert vurdert som forsvarleg for eleven si opplæring. Det kan ikkje verte innvilga permisjon meir enn inntil 10 dagar pr. skuleår.

b. Viktige moment som skal takast med i vurderinga av om det er forsvarleg å innvilge slik permisjon er:

  • Skulen sitt undervisningsopplegg i permisjonstida
  • Om eleven si læring kan bli ivareteken i samband med permisjonen
  • Eleven sin permisjonshistorikk 

c. Under føresetnaden at det er forsvarleg i høve vurderingane ovanfor, kan skulen innvilge permisjon for:

  • Deltaking i t.d. Ungdomsrådet eller tilsvarande  
  • Deltaking i sportsleg eller kulturell konkurranse / stemne på nasjonalt eller internasjonalt nivå. Det skal normalt ikkje bli gitt permisjon til treningssamlingar o.l.
  • Utøving av sentrale verv i politiske eller andre landsdekkjande organisasjonar / politisk arbeid på nasjonalt eller internasjonalt nivå

d. Det skal ikkje innvilgast permisjon i periodar med:

  •  Statlege kartleggingsprøver
  • Nasjonale prøver
  • Eksamenar og tentamenar, skriftleg og munnleg, inkludert førebuingstid

Vedtak om fritak / permisjon frå skulen i høve reglane ovanfor er enkeltvedtak etter forvaltningslova. Vedtaket skal derfor innehalde ei grunngjeving for vedtaket og informasjon om klagerett og -frist. Fylkesmannen i Møre og Romsdal er klageinstans for klage på vedtak etter opplæringslova.

 

 2. Det skal normalt ikkje bli gitt fri frå skulen for elevar som skal følgje foreldra / føresette på ferie eller andre reiser i den tida skulen er i gang.

Følgjande unnatak kan likevel gjerast under føresetnad om at det vert lagt fram skriftleg dokumentasjon og at det vert vurdert som forsvarleg, jf. pkt. 1b ovanfor:

  • Elevar med heimland utanfor Noreg
    • Dersom ikkje reisa kan leggast til skulen sin sommarferie, kan eleven få fri til å besøke heimlandet sitt.
  • Tilhøve rundt føresette si helse
    • Elevar kan få fri for å følgje foreldra på reise når dei av helsemessige årsaker må ha opphald i andre land / utanfor heimen, og når det ikkje er muleg å plassere eleven heime eller hos andre. Skriftleg dokumentasjon frå lege er nødvendig.
  • Tilhøve knytt til føresette sine arbeidsforhold 
    • Barn av foreldre som på grunn av yrket sitt oppheld seg lange periodar borte frå heimen, kan få fri dersom der ikkje er andre mulegheiter for felles ferie.
    • Elevar kan få fri for å følgje foreldra på ferie når dei er pålagt å ta sommarferie utanom skuleferiane. Slik skulefri kan berre bli gitt ein gong i løpet av grunnskuletida.
    • Foreldre som i yrkesmessig samanheng føretek reiser, kan få innvilga skulefri for eit barn for å ta han / ho med når det ikkje er muleg å få andre til å ta seg av barnet.
  • Andre årsaker som kan gi rett til unntak frå reglane 
    • Elevar kan få fri når foreldre / føresette må gjennomføre reiser av andre årsaker som vert skriftleg dokumentert, og skulen vurderer det slik at det vil skape ein heilt uhaldbar situasjon dersom eleven vart sett igjen heime.
  • Permisjon knytt til alvorleg sjukdom i næraste familie, dødsfall og gravferd 
    • Det kan innvilgast permisjon til familiesamankomstar av særleg sorgprega karakter, for eksempel ved dødsfall eller gravferd. Det kan også innvilgast permisjon ved alvorleg sjukdom i næraste familie. Permisjon etter denne bestemminga kan også verte gitt i periodar der det er førebuing til og/eller gjennomføring av prøver som er nemnde under 1 d. 

3. Føresette sitt ansvar når ein elev er friteken / har fått permisjon i samsvar med reglane ovanfor

a. Det er ein føresetnad at fritaket / permisjonen ikkje fører til meirarbeid for læraren / skulen, og føresette / elev er sjølv ansvarleg for at eleven er fagleg a jour etter fråveret.

b. Reint unntaksvis kan det skje at ein elev må ha fri / permisjon frå skulen ut over dei rettane som opplæringslova / kommunalt reglement opnar for. I slike tilfelle blir foreldra ansvarleg for heimeundervisning for barnet sitt. Innhaldet og opplegget for denne undervisninga skal bli godkjent av skulen.

4. Utanlandsopphald over 10 skuledagar

a. Dersom opphaldet varer meir enn 10 skuledagar, vert eleven skriven ut av skulen. Når og dersom eleven kjem tilbake, vert han / ho meldt inn att i skulen på vanleg måte. Dersom det er ledig kapasitet, vil eleven kunne få tilbake plassen i si opprinnelege klasse.

5. Ugyldig fråvere

a. Dersom føresette vel å reise, anten utan å ha søkt om permisjon, eller utan å ha fått innvilga (heile) søknaden, vil eleven få ugyldig fråvere for den delen av søknaden som ikkje er innvilga. Ved ugyldig fråvere kan foreldre/føresette risikere straff i form av bøter, dersom fråveret kjem av at det er handla forsettleg eller uaktsamt (Opplæringslova § 2-1 femte ledd). For ungdomsskuleelevar kan ugyldig fråvere føre til nedsett orden- og åtferdkarakter (Forskrift til opplæringslova § 3-5 femte ledd). Dersom skulen i slike tilfelle ikkje veit kvar eleven oppheld seg, skal den følgje prosedyra i Udir sin rettleiar «Barn som ikke møter på skolen».

6. Delt foreldreansvar

a. Merk at også den av foreldra som har foreldreansvar, men som eleven ikkje bur fast hos, har rett på medbestemming når det gjeld barn si utdanning, jf. Barneloven § 30. Begge partar må soleis vere innforstått med søknadar om permisjon.

Søknad om permisjon/fri frå skule

Søknad om permisjon/fri frå skule utanom skulen sin ferie og/eller fridagar sender du inn via appen MinSkole.

Søknadsskjemaet skal normalt fyllast ut og sendast inn seinast fire veker før eleven sin aktuelle permisjon startar.

Kontakt

Øyvind Fet
rådgjevar oppvekst
E-post
Mobil 48 27 50 96

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post