Beredskapsplan for seksuelle overgrep - elevar i grunnskulen

Målet med beredskapsplanen kjennskap blant dei tilsette til lovverk og medfølgjande informasjonsplikt, og å førebyggje og avdekke seksuelle overgrep mot barn som er knytt til grunnskulane i Sykkylven.

1. Formål

Målet med denne beredskapsplanen er å førebyggje og avdekke seksuelle overgrep mot barn
som er knytt til grunnskulane i Sykkylven. Alle tilsette må kjenne til og ta i bruk
opplysningsplikta til barnevernet, jf. Lov om barnevern § 13.
Planen skal sikre naudsynt kunnskap om seksuelle overgrep mot barn og unge, og god
kjennskap til dei rutinar og prosedyrar som ligg i denne beredskapsplanen. Den skal også
skape grunnlag for ein open dialog om temaet mellom dei tilsette, og mellom tilsette og
foreldre / føresette til barn i skulen. Ein open dialog om seksuelle overgrep mot barn vil
skape tryggare rammer for barn og unge.

2. Målgruppe

Tilsette i skule og SFO. Beredskapsplanen gjeld ved overgrep frå vaksen eller andre personar
som er ein del av elevane sitt nettverk.

3. Opplysningsplikt

Ein har plikt til å varsle barneverntenesta når «det er grunn til å tru at eit barn vert mishandla
i heimen eller det føreligg andre former for alvorleg omsorgssvikt» iht. Opplæringslova § 15-3.
Ei magekjensle som kan støtte seg på ein enkeltuttale, ei enkelthandling eller liknande er nok
for at ein har grunn til å tru. Bekymringsmeldingar skal sendast til barnevernet i Sykkylven.

Alle tilsette skal vere merksame på elevar som viser teikn eller gir signal om at dei vert
utsette for vald, overgrep/incest eller omsorgssvikt.

Utan hinder av teieplikta, skal skulen gi opplysningar til barneverntenesta dersom det er
grunn til å tru at eit barn er utsett for mishandling, overgrep/incest, omsorgssvikt eller når eit
barn har vedvarande alvorlege åtferdsvanskar.

Utdrag frå "Opplysningsplikt til barnevernet og barnevernet sin tilgang til å gi opplysningar":
«Opplysningsplikt kan både innebære en plikt til å gi opplysninger på eget initiativ, og en plikt
til å gi opplysninger etter pålegg. Når opplysningsplikten inntrer skal opplysninger gis til
barnevernet. Da settes taushetsplikten til side».

4. Rutinar

  • Følgje rutinar i «Personalomsorg» sin «Kriseperm» eller kriseportalen. (Feide-innlogging for tilsette). 
  • Alle tilsette bør gjennomføre e-læringskurset «Meldeplikt til barnevernet». Kurset er gratis tilgjengeleg på Veilederen.no. 
  • Alle tilsette skal vere kjende med rutinane for å melde. Desse rutinane bør bli gjennomgått minst ein gong pr. år for alle tilsette, og ved tilsettingar (også vikarar). Skulen skal ha lav terskel for å melde frå om bekymring om vald eller overgrep.
  • Skulane skal regelmessig gi tilsette oppdatering om temaet seksuelle overgrep mot barn, ved intern eller ekstern kursing.
  • Rektor har ansvar for å sende  bekymringsmelding til barnevernet (sjå også under punkt 7, «ansvar»).
  • Tilsette i skulane skal søkje råd, også anonymt, i kommunen si barnevernteneste, hos politiet, helsestasjonen eller PP-tenesta. Desse instansane skal delta i anonyme drøftingar med skulane. Sakene kan også drøftast anonymt på fagteam / ressursteam.
  • Eit nært og opent samarbeid med barnevernet og andre instansar som vert involvert, kanvere nødvendig for å skjerme barnet i den første fasen.

Ei magekjensle av at noko ikkje er som det skal, bør takast opp med nokon som har god
kompetanse. Det er viktig å søkje råd tidleg. Gode samarbeidspartnarar må etablerast før ei
hending oppstår. Barnevern og politi skal tilby rettleiing utan at ein pliktar å oppgi namnet til
barnet. Alle kommunar skal vere kopla til eit barnehus.

  • Ved mistanke som krev fagleg konsultasjon kan skulane kontakte:
    • Barnevernet i Sykkylven Telefon 70 24 65 00 (sentralbord på Servicetorget)
    • Helsestasjonen i Sykkylven Telefon 70 24 65 00 (sentralbord på Servicetorget)
    • Sykkylven lensmannskontor Telefon 70 11 87 00
    • Statens barnehus, Ålesund Telefon 70 11 88 50
  • Politiet skal varslast i akutte situasjonar. Ifølgje straffelova § 139 har ein avvergeplikt. Dersom ein meiner at det er fare for at barnet mest truleg vil kunne bli utsett for (nye) overgrep ved ikkje å gripe inn, er det straffbart å unnlate å varsle til politiet.

5. Ressursar

  • Interne ressursar: helsesjukepleiar, sosiallærar, eventuelt andre.
  • Eksterne ressursar: barneverntenesta, helsestasjon, PP-tenesta, BUP. Fagteam kan vere ein arena for kontinuerleg dialog mellom desse tenestene og skulane.

6. Dokumentasjon

Skriftlege rapportar av observasjonar som kan skildre barnet sin situasjon, eller barnet si
oppleving av situasjonen. Når, kvar og kva bør verte dokumentert så konkret som mogleg.

7. Ansvar

  • Rektor har det overordna ansvaret for at rutinane er godt kjende og tilgjengeleg for dei tilsette, og at dei vert følgde. Rektor sender bekymringsmeldingar til barnevernet. Meldinga skal sendast raskt.
  • Tilsette har ansvar for å kjenne rutinane og melde frå til rektor dersom dei er bekymra. Dersom ikkje rektor følgjer opp, har den tilsette likevel plikt til å melde til barnevernet.

8. Informasjon til foreldre / føresette

Informasjon til foreldre / føresette om bekymringsmeldinga bør avklarast med barnevernet
eller politiet i forkant. Det kan vere behov for å sikre barn før foreldra vert informert.

9. Kven har opplysningsplikt til barnevernet?

Den lovpålagde opplysningsplikta gjeld for alle som arbeider i offentlege instansar og
tenester, samt organisasjonar og private som utfører arbeid eller tenester for stat,
fylkeskommune eller kommune.
Opplysningsplikta er eit sjølvstendig og personleg ansvar.

10. Barnevernet sine oppgåver

Barnevernet si hovudoppgåve er å sikre at barn og unge som lever under tilhøve som kan
skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid.
For at barnevernet skal kunne ivareta denne oppgåva er barnevernet avhengig av at andre
som kjenner til barnet sin situasjon, melder frå til den kommunale barneverntenesta.
Opplysningsplikta er lovpålagt og er grunngjeven i barnevernet sitt behov for å ta i mot
opplysningar.
Når barneverntenesta får ei melding som gjeld bekymring for eit barn, pliktar tenesta å
vurdere bekymringsmeldinga innan ei veke, og eventuelt følgje den opp med vidare
undersøkingar. Dersom undersøkingane viser at det er behov for det, skal barneverntenesta
setje i verk nødvendige tiltak for å hjelpe barnet.

11. Førebyggande arbeid

  • Alle tilsette skal ha levert politiattest, også ved nytilsettingar
  • Unngå situasjonar der tilsette er åleine med einskildelevar på rom utan innsyn
  • Barna skal lære om normal seksualitet, tilpassa deira alder og utvikling. (Forslag til litteratur: Barna og seksualiteten, av Aasland, Margrethe Wiede, Cappelen Damm 2015).
  • Barna skal lære om gode og vonde kjensler, ulovlege hemmeligheiter og berøringar (Forslag til litteratur: Eg er meg, min meg, av Rygg, Eli og Aasland, M.W., Høyskoleforlaget 2009).

12. Ved bekymring

  • Informer rektor – ikkje involver anna personale før etter avtale
  • Konsulter ein av dei instansane som er nemnt i denne beredskapsplanen (i første rekkje barnevernet) dersom du er usikker. Ikkje vent for lenge før du tek kontakt.
  • Rektor melder bekymringa til barnevernet, men du har ei sjølvstendig varslingsplikt dersom rektor ikkje varslar og du framleis meiner at det er grunn til å tru at barnet er utsett for vald, overgrep/incest eller omsorgssvikt.
  • Barnevernet har det koordinerande ansvaret.
  • Tilsette i skulen er ikkje etterforskarar. Ikkje still leiande spørsmål – det kan brukast mot barnet ved seinare dommaravhøyr.
  • Lytt til barnet og vis at du tek barnet på alvor. Unngå å styre samtalen. Gjenta utsegn som barnet kjem med, slik at barnet evt. kan korrigere dersom du har forstått feil. Notér ned barnet sine uttalar og andre relevante opplysningar, etter samtalen.
  • Ver ærleg i høve det som skal skje. Ver realistisk. Lov aldri noko du ikkje kan halde. Ein må aldri love tausheit om det ein får vite.
  • Gløym ikkje søsken.
  • Førebu deg mentalt og kjenslemessig på at fortruleg informasjon kan kome.

13. Dersom ein akutt situasjon oppstår:

  • Ta kontakt med rektor, som kontaktar politiet.
  • Eleven må ikkje skifte klede eller dusje / vaske seg.
  • Eventuelt brukt tøy skal pakkast inn i papir – ikkje plast!
  • Ver hos eleven til fagfolk kjem.

14. Øvingar

Øvingar skal haldast jamleg. Det skal øvast på eitt eller fleire førebudde scenario der:

  • Det er mistanke om at eit barn er utsett for seksuelle overgrep frå eit familiemedlem
  • Det er mistanke om at eit barn er utsett for overgrep frå ein person utanfor familien
  • Det er mistanke om at ein tilsett i skulen utset / har utsett eit eller fleire barn på skulen for overgrep.

Kontakt

Monica Søvik Hjelmevoll
avdelingsleiar 1.-3. trinn
E-post
Mobil 47 66 83 01

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post.

Evy Hauge Andersen
Barnevernleiar
E-post
Mobil 47 81 10 12

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post