Prisar for SFO 2025

Sjå vedtekter for SFO her.

Oppdatert etter vedtak i kommunestyret 16.12.2024.

Satsar for SFO
Tilbod frå 1. januar 2025 2025 Opphald Sørestranda skule: 2025 kostpengar (kjem i tillegg til opphaldet) Aure barneskule: 2025 fruktpengar (kjem i tillegg til opphaldet)
Fulltidstilbod kl. 07.15- 16.15 + alle langdagar kr. 3 213 kr. 281 kr. 104
Ettermiddagstilbod: frå skuleslutt til kl. 16.15 + 20 langdagar kr. 2 440 kr. 281 kr. 104
Alternativ 1: deltidstilbod kl. 07.15 - 15.00 alle dagar + 20 langdagar kr. 1 792 kr. 281 kr. 104
Alternativ 2: deltidstilbod kl. 07.15 - 16.15 tre (3) dagar pr. veke + 20 langdagar kr. 1 792 kr. 169 kr. 62
Alternativ 3: deltidstilbod frå skuleslutt til kl. 16.15 alle skuledagar (ingen langdagar) kr. 1 792 kr. 246 kr. 83
Morgontilbod kl. 07.15 - 08.15 kr. 671 0 0
Kjøp av enkeltdagar kr. 336 kr. 17 kr. 17
Barn med særskilte behov 0 kr. 281 kr. 104
1., 2. og 3. trinn har inntil 12 timar gratis kjernetid. Gjeld ettermiddagar og inntil 8 langdagar. Fråtrekk på inntil kr. 1835 på fakturaen for valt opphald. Kostpengar tilsvarande opphald kjem i tillegg. Fruktpengar tilsvarande opphald kjem i tillegg.

​Langdagar er dagar det ikkje er undervisning på skulen, men SFO held opent frå kl. 07:15- 16:15. Oversikt over SFO-året sine langdagar vil kome fram i SFO-ruta (heimesida).

Gratis kjernetid

Gratis kjernetid skal fordelast på dei dagane SFO normalt er open. For Sykkylven sin del betyr dette at alle elevar på 1. - 3. trinn med SFO-opphald har rett på 12 timar gratis SFO per veke innanfor tidsrommet klokka 07.15-16.15.  Dette gjeld uansett kva type SFO-opphald eleven har. Dette betyr at ein vil få inntil kr 1835 i fråtrekk på fakturaen kvar månad, noko som medfører at deltidstilboda (alternativ 1-3)  og morgontilbodet i praksis vert gratis for elevar på 1. - 3. klassetrinn.  Alle må likevel betale kostpengar / fruktpengar.

Moderasjonsordningar

  • Lokalt vedtak om søskenmoderasjon: det vert gjeve søskenmoderasjon tilsvarande 25 % på barn nr. 2, deretter 40 %.
  • Sentralt vedtak om redusert foreldrebetaling for 1.- 4. trinn: Foreldrebetalinga til SFO skal maksimalt utgjere 6 % av den samla person- og kapitalinntekta i hushaldninga.
  • Sentralt vedtak om at barn med særskilte behov på 5.-7. trinn skal ha gratis tilbod i SFO.
  • Sentralt vedtak gjeldande frå 1. august 2022: Inntil 12 timar gratis kjernetid for elevar på 1. trinn.
  • Sentralt vedtak gjeldande frå 1. august 2023: Inntil 12 timar gratis kjernetid for elevar på 2. trinn.
  • Sentralt vedtak truleg gjeldande frå 1. august 2024: Inntil 12 timar gratis kjernetid for elevar på 3. trinn.

Kontakt

Janne Marstrander
SFO-leiar / avdelingsleiar Aure barneskule
E-post
Telefon 95 01 88 53
Rune Haugrønning
SFO-leiar/avdelingsleiar Sørestranda skule
E-post
Mobil 95 92 28 89

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post