Norskopplæring for vaksne innvandrarar

Sykkylven vaksenopplæring har ansvar for å gi opplæring i norsk og samfunnskunnskap til vaksne innvandrarar i kommunen. Vi tilbyr også norskopplæring til privatpersonar og bedrifter.

Vi tilbyr per no kurs innan alfabetiseringsmodulen, og frå A1-B1 nivå. Du kan lese meir om språknivå på Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse sine sider. Undervisninga er i hovudsak på dagtid, men vi arrangerer også kveldskurs ved stor nok pågang. 

All undervisning og kurs blir gjort av pedagogar med høg, variert utdanning og kompetanse innan norsk som andrespråk. Vi har også fleirspråkleg kompetanse i personalgruppa. 

Vaksenopplæringa i Sykkylven tilbyr norskprøve, samfunnskunnskapsprøve og statsborgarprøve.
Norskprøvene vert gjennomført inntil fire gongar pr. år. Prøveperiodene samt prisar er fastsett nasjonalt og du finn meir informasjon om dei på kompetansenorge.no
Samfunnskunnskapsprøve og statsborgarprøve har løpande påmelding. Ta kontakt med prøveansvarlig for ledige datoar.

Påmelding til norskkurs

Du kan melde deg på norskkurs digitalt via dette skjema: 

Påmelding til norskkurs 

Etter du har meldt deg på norskkurs, blir du kontakta når aktuelt kurs er tilgjengeleg.

Andre kurs og tilbod

I periodar tilbyr vi andre kurs retta mot vaksne deltakarar. I hovudsak er desse norskretta, men kan også passe for personar med norsk som morsmål. Arbeidsretta kurs, arbeidslivsnorsk og kurs i arbeidslivskultur kan passe godt for både innvandrarar, nye arbeidstakarar og bedriftsleiarar. Følg med på heimesida til kommunen, samt Facebooksida vår for informasjon når desse kursa vert sett opp. 

Kva kostar det? 

60-timars norskkurs, kveld: kroner 6.000 + lærebøker
75 timar samfunnskunnskap: kroner 7500
10-veker norskopplæring, dag: kroner 9000 + lærebøker

Har du spørsmål? 

Ved spørsmål ta kontakt med: 

Avdelingsleiar Clara Aarseth-Strømmegjerde på e-post: clara.strommegjerde@sykkylven.kommune.no eller tlf: 46 95 41 58.

Resepsjon: agnes.hjorthol@sykkylven.kommune.no eller tlf: 90 58 74 43.

For spørsmål om påmelding eller spørsmål rundt prøver, kan du kontakte prøveansvarleg på e-post: 
mari.leichty@sykkylven.kommune.no

Anna informasjon