For å berekne avstanden frå heim til skule, bruker ein fylkeskommunen si digitale utrekningsteneste.
Ein kan søke om skuleskyss på grunn av særskilt farleg/vanskeleg skuleveg for elevar som har kortare avstand mellom heim og skule enn skyssgrensa. Meir informasjon om dette finn du lenger ned i artikkelen.
Søknad om skuleskyss grunna særskilt farleg/vanskeleg skuleveg.
Kven har ansvar for skuleskyssen?
- Fylkeskommunen har ansvar for å organisere skuleskyss for elevar som har rett til gratis skyss etter opplæringslova. Sjå rutetider.
- Kommunen har ansvar for skuleskyss på særleg farlege eller vanskelege skulevegar, der avstanden til skulen er kortare enn den generelle skyssgrensa.
Fylkeskommunal skuleskyss
Foreldre må sende søknad om skuleskyss første gong. Deretter blir skyssordninga automatisk vidareført til neste skuleår, men det er viktig at føresette gir beskjed til skulen ved flytting.
Les meir om skuleskyssordninga på nettsida til Møre og Romsdal fylke. Der finn du også søknadsskjema for gratis skuleskyss.
Retten til skuleskyss gjeld berre for den nærskulen eleven soknar til. Sjå regelverket som gjeld for skuleskyss på Utdanningsdirektoratet si nettside.
Ved spørsmål om skuleskyss, skuleskysskort eller liknande, send e-post til skoleskyss@mrfylke.no eller ta kontakt med skulen din.
Avvik i skuleskyssen
Dersom det oppstår problem med skuleskyssen, ønsker fylkeskommunen direkte tilbakemelding (helst same dag). Avvik kan til dømes vere:
- Forseinkingar over 10 minutt
- Innstilte avgangar
- Bussar som kjem forseint til skulestart
Det er viktig at tidspunkt og stad kjem tydeleg fram, i tillegg til kva som er avviket, slik at fylkeskommunen kan finne ut av kva som har skjedd og eventuelt gjere nødvendige tiltak.
Avvik kan sendast pr. e-post til: bussavvik5@mrfylke.no.
Kommunal skuleskyss for farleg eller vanskeleg skuleveg
Nokre strekningar i kommunen er vurdert til å vere særleg farleg skuleveg. Dette gjeld skulevegar der risikoen er utanom det vanlege, basert på trafikktilhøve, klima og elevane sin alder og modenheit.
Dersom avstanden til skulen er kortare enn skyssgrensa, er det kommunen som fattar vedtak om skuleskyss og dekker kostnadane. I tilfelle der fylkeskommunen allereie har ei skyssordning på strekninga, følger eleven denne, medan kommunen betalar ein eigendel.
Søknadsskjema
Foreldre må sende ein skriftleg søknad til kommunen, der dei skildrar trafikktilhøva og kvifor vegen er særleg farleg for barnet. Kvart barn blir vurdert individuelt, og innvilga skyss for eitt barn gir ikkje automatisk rett til skyss for søsken.
Gå til søknadsskjema
Behandling av søknadar
- Kommunen behandlar søknaden i samsvar med forvaltningslova og fattar eit enkeltvedtak. Vedtaket skal grunngjevast uansett om søknaden vert avslått eller innvilga.
- Ved avslag kan foreldre klage. Klaga må vere skriftleg og grunngjeving. Klaga skal sendast til kommunen.
- Dersom kommunen opprettheld avslaget, blir saka sendt til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.
Skulevegar som gir rett til kommunal skuleskyss
Levekårsutvalet (28.05.2024) og kommunestyret (17.06.2024) fatta vedtak om kva strekningar som pr. i dag er klassifisert som særleg farleg eller vanskeleg skuleveg.
Følgjande skulevegar i Sykkylven gir per i dag rett til kommunal skuleskyss:
Aure barneskule
- Dalevegen (Lyshol, Andestad, Eidem, Kjemphol, Aurdal og delar av Haugset): Vedtaket vert vidareført for elevar på 1. - 4. trinn, og gjeld fram til gang-/sykkkelveg er på plass. Elevane følger fylkeskommunal skyssordning og kommunen betalar eigendel.
- Haugsetvegen (frå stallen til Nyborg): Gratis skuleskyss for elevar på 1. - 4. trinn.
- Sykkylvsvegen (Tynesstranda til krysset mot Kyrkjevegen/Blindheim): Vedtaket vert vidareført for alle trinn. Elevane følger fylkeskommunal skyssordning og kommunen betalar eigendel.
Sørestranda skule
- Sørestrandvegen (området Svartebekk, Blakstad og Stavestranda): Vedtaket vert vidareført for alle trinn, men gjeld berre dei strekningane som manglar gang-/sykkelveg. Elevane følger fylkeskommunal skyssordning og kommunen betalar eigendel.
Hundeidvik privatskule
- Sørestrandvegen (strekninga Tusvik - Hundeidvik kai): Vedtaket vert vidareført for alle trinn. Elevane følger fylkeskommunal skyssordning og kommunen betalar eigendel.
- Gjævenesvegen: Vedtaket vert vidareført for alle trinn. Krev drosjeskyss for elevar til friskulen, men dersom det er elevar som skal til Sykkylven ungdomsskule eller Sørestranda skule på strekninga, organiserer fylkeskommunen skyssordning og kommunen betalar eigendel.
Velledalen Montessoriskule
- Sykkylvsvegen (området Drotninghaug, Lade, Brøvøll): Vedtaket vert vidareført for alle trinn. Elevane følger fylkeskommunal skyssordning og kommunen betalar eigendel.
- Brunstadvegen ("gamlevegen" frå Hole): Vedtaket vert vidareført for alle trinn. Elevane følger fylkeskommunal skyssordning og kommunen betalar eigendel.
- Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fatta vedtak om at strekninga mellom Velledalen Montessoriskule og krysset til Hjortdalsvegen skal reknast som særleg farleg eller vanskeleg skuleveg. Vedtaket gjeld til og med 7. klassetrinn. I Praksis betyr dette at alle elevar som bur aust for skulen, og som nyttar Vallavegen til/frå skule, har rett på gratis kommunal skuleskyss.
Skyss og SFO
Opphald i SFO er ikkje opplæring i medhald av opplæringslova, og gir ikkje rett til skuleskyss, med unntak for elevar som har varig eller mellombels nedsett funksjonsevne og har behov for skyss.
Dersom elevar i SFO kan bruke eksisterande skyssopplegg utan ekstra kostnader, kan dei få skyss tilpassa dette.
Skyss for vaksne med rett til grunnskuleopplæring
Vaksne som får grunnskuleopplæring, har rett til gratis skyss dersom dei bur meir enn 4 km frå skulen. Vaksne som på grunn av nedsett funksjonshemming, sjukdom eller skade har behov for det, har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda når dei får grunnskuleopplæring. Sjå meir informasjon frå Utdanningsdirektoratet om retten til skyss for vaksne deltakarar.
I samband med søknad om skuleskyss må fylkeskommunen få tilsendt kopi av vedtak om at eleven har rett til grunnskuleopplæring for vaksne.
Nyttig informasjon