Søke om permisjon for elevarKommunen kan etter søknad gi den enkelte eleven permisjon frå grunnskuleopplæringa, jamfør Opplæringslova §2-2, fjerde og femte ledd. I lokal forskrift om permisjon (PDF, 172 kB) er det bestemt at elevane i Sykkylven normalt ikkje skal få innvilga meir enn 10 skuledagar per skuleår (sjå § 4.1)Skulen vil vurdere om det er forsvarleg å gi permisjon. Søknad om permisjon skal gjerast via Foresattportalen (appen Min Skole). I menyen finn du fanen “Søknader”, og fyller deretter ut skjemaet “Søknad om permisjon”. Kontaktlærar kan fatte vedtak om permisjon for inntil 3 dagar. For søknader om permisjon som gjeld meir enn 3 skuledagar er det rektor som fattar vedtak. Rektor skal alltid behandle søknadar der det vert gitt avslag.Søknadsskjema skal normalt fyllast ut og sendast inn seinast fire veker før eleven sin aktuelle permisjon startar. Sist endra 20.09.2024 09.32 Reglar for fritak/permisjonLokal forskrift for fritak/permisjon utanom skulen sine ferie- og fridagar finn du her: Reglar om å søkje permisjon frå skulen (PDF, 172 kB)Lokal forskrift om permisjon for elevar vart vedteke i levekårsutvalet 28.05.2024.