Informasjon om VFS og Sikker Sak

Skulane i Sykkylven kommune brukar Visma Flyt Skole (VFS) som skuleadministrativt system. For tryggare saksbehandling og kommunikasjon er Visma Sikker Sak også innført for alle dei kommunale skulane.

Elevar, klasser, lærarar og føresette er registrert i dette systemet. Her ligg dokumentasjon av fråvere, karakterar og andre vurderingar, merknadar og annan informasjon knytt til skulekvardagen for kvar elev. Føresette har berre tilgang til å sjå informasjon om eigne barn og unge. Lærarar har berre tilgang til å sjå informasjon om elevar som dei har ansvar for. 

VFS kan nyttast til å registrere opplysningar og meldingar i Min Skole-appen for både tilsette og føresette. Opplysningar som blir lagt inn i appen, vert overført til VFS. 

Dokument som inneheld personsensitiv informasjon skal opprettast og arkiverast i Sikker Sak. Sikker Sak er eit tillegg til Visma FLyt Skole og skal innførast for å få ei sikrare handtering av sensitive personopplysningar. Skulane vil gjennom Sikker Sak på ein tryggare måte gjennomføre saksbehandling og kommunisere digitalt med eksterne samarbeidspartar som helsevern, barnevern og PPT (pedagogisk-psykologisk teneste).

Brev frå kommunen vert sendt til innbyggarane via  KS SvarUT / SvarInn. Innbyggarane får brev frå kommunen i si digitale postkasse (Digipost, e-Boks eller Altinn). Om denne ikkje vert opna innan 2-3 dagar, vert brevet sendt til postkassa. Kommunen har også ulike skjema på sine heimesider som føresette kan nytte som digital kommunikasjon inn mot sin skule. Henvendingar via desse skjemaa som inneheld sensitive personopplysningar vil også verte behandla i Visma Sikker Sak. 

Formålet med denne informasjonen er å trygge dykk på at vi heile tida jobbar for å forbetre og sikre kommunen og skulen si handtering av sensitiv informasjon. I praksis vil de som føresette merke lite av innføringa av Sikker Sak.
Visma som er leverandør av tenesta har ikkje laga informasjon spesifikt retta mot føresette til elevar, men den som er interessert kan finne meir informasjon på Visma sine nettsider.

Kontakt

Øyvind Fet
rådgjevar oppvekst
E-post
Mobil 48 27 50 96

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post