Vatn og avløp

Sykkylven Energi AS har ansvaret for drift av kommunal vassforsyning og avløpsanlegg. 

Her finn du informasjon om fritak for gebyr, utsleppsløyve og dei største private vassverka i kommunen. 

Fritak for renovasjon, slamtømming, feiing, vatn og avløp

Bustader som ikkje har vore i bruk det siste halve året, kan søke skriftleg om fritak for renovasjon, slamtømming, feiing, vatn og avløp. Det vert ikkje gitt fritak for fritidsbustader.

Retningslinjer for søknad om fritak:

  • Fritak årsgebyr vatn og avløp: godkjent plombert vassinntak
  • Fritak slamtømmegebyr: godkjent plombert vassinntak

Søknadsskjema

Har du ikkje moglegheit til å sende oss ein digital søknad, kan du sende søknad pr. e-post: postmottak@sykkylven.kommune.no.

Søknaden må innehalde:

  • Opplysningar om eigedomen (gards- og bruksnummer, adresse, namn på eigar) 
  • Kva bustadtype det er (heilårsbustad, fritidsbustad/hytte m.m) 
  • Kva søknaden gjeld (slamtømming, vatn- og avløpsgebyr, feiing) 
  • Grunngjeving (kva som er årsaken til at du søker om fritak)

Søknad om utsleppsløyve

Denne søknaden skal nyttast for etablering av nye utslepp og vesentleg auke av eksisterande utslett av sanitært avløpsvatn, i samsvar med forskrift om begrensing av forureining av 1. juni 2004 (forureiningsforskrifta) kapittel 12. Søknadsskjemaet gjeld for utslepp frå bustadhus, hytter, turistbedrifter og liknande verksemder mindre enn 50 personekvivalentar (pe)

Større private vassverk i kommunen 

  • Hundeidvik vassverk
  • Sætre og Jarnes vassverk
  • Straumgjerde vassverk
  • Øvre Velledalen vassverk