Tettstadprosjekt

Tidlegare i år køyrde vi eit stunt i dei tomme lokala i sentrum. Ved å skru på lysa og gje dei fiktive konsept, ønskte vi å få folk til å løfte blikket og tenke nytt om kva som kan ha sin plass på Aure.

Som ei forlenging av «Lysa på»-kampanjen, ønskjer tettstadsprosjektet og omstillingsprogrammet til kommunen å tilby eit kostnadsfritt lokale til dei som har lyst til å teste idéen eller konseptet sitt i Sykkylven sentrum. Vi ser på det som eit naturleg neste steg i arbeidet med å få ned terskelen for å ha mot til å satse – og for å bidra til å skape liv i sentrum.

POP UP x AURE

Har du lyst til å starte opp noko i Aure sentrum? Ønskjer du å teste konseptet ditt?

POP UP x AURE er eit tettstadsprosjekt som vil gå fram til juli 2025, der Sykkylven kommune har gleda av å tilby eit kostnadsfritt butikklokale i Kyrkjegata 38 - midt i kvadraturen. Her kan du søke om å få disponere lokalet i ein begrensa tidsperiode, avhengig av dine behov.

Formålet med prosjektet er å få ned terskelen for å ha mot til å satse, og skape meir liv i sentrum!

I tillegg til å få låne lokalet, vil kommunen sitt næringsapparat tilbyr aktørane ein gratis rådgjevingstime. Gjennom tettstadsprosjektet sitt eige rådgjevar-team får ein også tilgang til andre dyktige fagfolk innan felt som grafisk design, drift og konseptutvikling.

For meir informasjon ta kontakt med prosjektleiar Anne Marie Andreassen. 

Kontaktinformasjon

Anne Marie Andreassen 
prosjektleiar tettstadsprosjekt

E-post: anne.marie.andreassen@sykkylven.kommune.no
Tlf: 92 23 14 73