Ope folkemøte om kommunedelplan for Sykkylven sin del av felles sjøarealplan for Storfjorden, onsdag 8.mai

Kommunedelplan for sjøområda til Sykkylven er ute på 1.gongs høyring og offentleg ettersyn. Merknadsfristen er 16.mai. Sykkylven kommunen ønskjer å invitere til ope folkemøte der det blir gitt ein gjennomgang av planforslaget frå administrasjonen og det blir høve til å stille spørsmål ein har til planforslaget.

Stad: Kjellaren på Sykkylven bibliotek

Tidspunkt: Onsdag 8.mai, klokka 17-18.

Det vil henge lapp på døra ved biblioteket kva inngang ein skal nytte.

Vel møtt.

Her kan du finne meir informasjon om planen.

Kontakt

Arild Sunde Rinnan
Arealplanleggar
E-post
Mobil 94 78 46 89

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post