17. mai 2026

I denne artikkelen finn du oversikt over arrangement 17. mai i Sykkylven. 

Sykkylven sentrum 

07:00 - Salutt
08:00 - Speidarane heiser flagget på Klokkehaugen til musikk av Sykkylven Janitsjarorkester
08:15 - Sykkylven Janitsjarorkester spelar i gatene
10:00 - Gudsteneste i Sykkylven kyrkje. Flaggborg ved Speidarane. Prest Jonas Richter Fjeld. 
Organist Tor Einar Steinsvik. 
11:00 - 17. mai toget stiller opp med front mot kyrkjekrysset og oppover langs Coop Extra. 
Rekkefølge: Ordførar - Lensmann - Sykkylven speidargruppe med flaggborg, Sykkylven kommunestyre, Sykkylven Janitsjarorkester - Velledalen Montessoriskule - Aure barneskule - Hundeidvik privatskule - Sørestranda skule - Sykkylven skulekorps - Krikane BHG - Tryggheim BHG - Ikornnes FUS - Vikedalen BHG - Ullavik BHG - Sykkylven IL - Russen 2026 - Andre. 
11:15 - Toget startar og tek til venstre inn Kyrkjevegen til Roaldhjørnet. Tek til venstre opp Storgata til Kiwi hjørnet. Tek til venstre ut Skulegata og rundar Power ned til rundkøyringa ved kyrkja. Tek til venstre inn Kyrkjevegen igjen og går opp til rådhuset. Tek til høgre nedover til Buas, der det vert eit noko lengre stopp.
Oppstilling ved Buas: Toget går rundt rundkøyringa, flaggborga stoppar ved hjørnet av Trygdebustadane. Folk står roleg i toget der dei er. 
Sykkylven skulekorps marsjerer fram langs toget til rundkøyringa og barnehagane følgjer på. Korpsa spelar marsjar. Ordførar Olav Harald Ulstein held appell. Korpsa spelar og vi syng «Ja vi elsker dette landet» før toget går vidare tilbake til Rådhuset og ut til Kyrkjeparken.
12:15 - Program i kyrkjeparken
Minneord og kransenedlegging over deltakarar i Fridomskrigen 1940-45 ved Minnesteinen i kyrkjeparken. Heimevernet er med, ordførar Olav Harald Ulstein, Sykkylven Janitsjarorkester og Sykkylven skulekorps tek del. Hornsignal. 
Allsong: Ja, vi elsker dette landet. Korpsa speler til. 
Helge Standal held tale for dagen.
Sykkylvsrussen 2026 held appell
Allsong: Heimbygda, Sykkylven Janitsjarorkester speler til.

Sykkylven kulturhus

18:00 - Sykkylven Janitsjarorkester med dirigent Tom Venås-Gontier inviterer til Nasjonal Festkonsert. Gjester: Stine Regina Tusvik og Ilona Ruseckaite-Lapinskiene. Konferansier: Margrethe Velle Ødegård. Kafé frå kl.17:00.

Frivilligsentralen

08:00 - Frukost for speidarane
11:00 - Open kafè for alle

Aure barneskule 

13:30 - Programleiarar Oliver Henriksen Garli og Theo Lødemel Hansen ønsker velkommen og leiar programmet. Sykkylven skulekorps spelar nokre songar og Ja, vi elsker (allsang). Song av kulturskuleelevane Amalie Winsjansen Josefsen, Lovisa Selim og Mira Viktoria Vangen. Dagens tale av elevrådsrepresentantane Live Grøvik og Eline Tafjord Nilsen. 4. klasse syng to songar, 3. klasse SFO “til Dovre faller”. 

Sørestranda skule 

11:00 - Alle møter i folketoget på Aure.
13:00 - Folkefest ved Sørestranda skule. Sal av rømmegraut, pølser, kaker og kaffi. Leikane starter på skuleområdet. 
14:30 - Programmet starter i vestibyla. 

Ramstaddal 

16:00 - Sosialt samvær på Ramstaddal Grendahus. Sal av kaffi, kaker, pølser og brus. Loddsal. 

Hundeidvik & Tusvik

09.00 - Frukost på Hundeidvik Bedehus. Ord for dagen ved Stein Vedvik og song ved Stine Regina Tusvik. 
13:30 - Leikar startar på Hundeidvik stadion. Hoppeslott i hallen og div. leikar ute. Sal av kaffi, brus, is, kaker og pølse med brød. 
15:00 - Fest på Hundeidvik Grendahus. Skuleborna underheld. Tale ved Nils Einar Rye.

Straumgjerde

08:00 - Flaggheising ved tidlegare Tandstad skule 
08:15 - Flaggheising ved Ungdomshuset Vaarvon 
15:00 - Arrangement på Ungdomshuset Vaarvon, Markering av at Bautaen etter Henrik Straumsheim, som no er flytta til Ungdomshuset Vaarvon. 
Ordførar med helsing frå kommunen, og snorklipping.
Historisk attersyn om bautaen v/ Kjell Løseth
Solosang av Heimbygda v/ Geir Straumsheim
Diktlesing, Ro stilt langsmed landet v/ Hilde Straumsheim
Allsong  av Opningssongen som Henrik Straumsheim skreiv i 1912.
Litt å bite i og kaffi.

Velledalen 

14:00 - Tog frå Velle, korpset Dalljom spelar. Program: Allsong, Velledalen Naturbarnehage og Velledalen Montessoriskule, skulekorps, tale ved Camilla Moen, song ved Lena Fet. Leikar for born og sal av smørbrød, kaker, pølser, is, brus og kaffi.