Bli med å markere årets varmaste dag!Fredag 22. november blir MOT til å glede-dagen arrangert over heile landet med eit mål for auget; Spreie glede! MOT til å glede-dagen er ei ekstra bevisstgjering på å ha mot til å bry seg, og det blir gjennomført glede-aktivitetar på skuler over heile landet. Sykkylven ungdomsskule og Sykkylven kommune er ein MOT-skule og kommune og markerer sjølvsagt dagen. Publisert 20.11.2024 13.55 Sist endra 20.11.2024 13.59 Årets markering MOT- coachane og Elevrådet ved Sykkylven ungdomsskule planlegg å besøke bedrifter, kommunehuset, biblioteket og Aure sentrum og glede folk med eit hei, eit smil og ei pepperkake. Dei skal møte elevane når dei kjem på morgonen med musikk, gløgg og vafle. Vi utfordrer ulike bedrifter til å lage sin eigen MOT-til å glede- stand når dei tilsette kjem på jobb om morgonen med kaffi/gløgg/pepperkaker/twist. Vi har alle eit ansvar for å skape et trygt samfunn. Vi vil oppfordre alle til å tenke litt utanfor boksen under årets MOT til å glede-dag. Kjenner du nokon som set åleine og som ikkje har så stort nettverk rundt seg, så er det akkurat dei du skal hugse på i dag. Ha litt ekstra fokus på å seie hei, gje eit smil, ein tommel opp og kanskje til og med ein klem til nokon som treng det. Det kan krevje litt ekstra mot, men glede smitter og verdien til saman blir veldig stor. Dersom kvar og ein bidreg til å spreie litt glede, store som små, trur og håpar eg at vi saman klarer å skape eit varmare og meir inkluderande lokalsamfunn.Det betyr meir enn du trur MOT ønsker å skape eit varmare og tryggare samfunn der alle blir sett og inkludert. Vi har alle eit ansvar for å bidra til dette, så kvifor ikkje ta del i MOT til å glede-dagen, og gjere ein liten innsats? Det kan bety meir enn du trur!Dagen i dag handlar om glede andre med enkle midlar. Vi vil utfordre alle til å glede nokon dei møter fredag 22. november. Sei hei til naboen, smil til alle på din veg, ta en telefon til en ven du ikkje har sett på ei stund, besøk bestemor, fortel vener kvifor du set pris på dei eller gjer noko hyggeleg for en framand? Moglegheitene er uendelege.Kort informasjon om MOT Norge og MOT til å glede-dagen:MOT til å glede-dagen har blitt arrangert sidan 2004 Over 74.000 elever har MOT på skulen MOT styrker ungdom si robustheit og mot gjennom livsmeistringsprogram i skulen. Undersøkingar viser at MOT på skulen bidreg til mindre hyppig mobbing, færre ungdom utan ein einaste venn, mindre psykiske vanskar og mindre hyppig rusmisbruk Helsing MOT-coachane ved Sykkylven ungdomsskuleIna, Irene, Magnar, Per Magne, Sondre og Hege.