Egenberedskapsveka 2024

Egenberedskapsveka blir arrangert av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredsskap(DSB) i veke 44 kvart år. Formålet med veka er å sette fokus på, og gi ei påminning, på kva du kan gjere for å ivareta deg sjølv og dine ved ei ekstrem-hending. 

Markering av Egenberedskapsveka i Sykkylven

I Sykkylven blir det markering av Egenberedskapsveka torsdag 31. oktober i bibliotekparken kl. 13.00 - 17.00. 

Her vil du finne: 

  • Stand med ulik informasjon 
  • Konkurranse der du kan vinne utstyr til beredskapslageret ditt. Her får du sjansen til ein flott start viss du ikkje allereie har laga deg eit beredskapslager. 
  • Kaffi med noko attåt - og ein beredskapsprat 
  • Sivilforsvaret stiller også

Kom innom for ein prat og ei påminning!

Oppdaterte råd i 2024

I mai 2024 blei råda om egenberedskap oppdatert. Den største endringa er at anbefalt varigheit på egenberedskapen auka frå minst tre dagar til ei veke. DSB gir råd om kva du bør ha i heimen og kva du bør tenke på. Familie, venner og naboar kan gjerne samarbeide om egenberedskap. 

I løpet av veke 44 får alle husstandar ei brosjyre i posten med oppdaterte råd om egenberedskap. 

Informasjonsmateriell 

På sikkerhverdag.no finn du alt du treng å vite om egenberedskap for privatpersonar. Hugs å sjekk lageret ditt med jamne mellomrom. 

Gå til sikkerhverdag.no

Gjennom heile veka finn du også informasjonsmateriell på biblioteket.