Eigenberedskapsveka 2021 - råd om enkle grep for å betre eigen beredskap

Vi lever i eit trygt og stabilt samfunn, der vi er vande til at det meste fungerer som det skal. Men livet i Noreg er heilt avhengig av straum, vatn og internett - og nettopp der er vi mest sårbare.

 

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon

På  sikkerhverdag.no/egenberedskap finn du god informasjon om korleis du kan bli betre førebudd på kriser og hendingar.

Her kan du også  sjekke din eigen beredskap.  

Det er tidlegare sendt ut brosjyre om dette til alle husstander. Dersom du treng ei ny kan du få den på biblioteket eller servicetorget.

Det kan vere lurt å ha eit lite lager med m.a  vatn, tørrmat, hermetikk, medisin du treng, stearinlys, ved, lommelykt med batteri, batteridriven radio, og batteri sjølvsagt.

På Sikkerhverdag og i brosjyren finn du meir informasjon om kva du bør ha i eit slikt beredskapslager for å klare deg i minst tre døgn.

Du er ein del av beredskapen i Noreg.

 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete