Endring i varslingsystemet for Åknes Tafjord Beredskap IKS

Frå månadsskiftet mai/juni blir det endring i varsling av Åknes Tafjord Beredskap sine tyfonar. På grunn av endring i datasystem vil ein ikkje kunne nytte desse til varsling. I staden skal SMS-varsling og Nødvarsel nyttast. 

Styret i Åknes Tafjord Beredskap IKS har i sak 08/24 gjort vedtak om at varsling med tyfonar går ut og at desse eventuelt skal overførast til Sivilforsvaret. Dette vil skje frå månadsskiftet mai/juni.

Grunnlag for at det ikkje vert varsling med tyfon, er at 110-sentralen skal gå over til nyare datasystem, og dagens tyfonar er ikkje tilpassa dette systemet. Ved nedlegging av tyfonvarsling, vert sikkerheita for bebuarane i området ikkje svekka. Ein har eit påliteleg SMS-varslings system som dekker heile området, samt at det er innført eit nytt nasjonalt varslingssystem (Nødvarsel) som dekker heile området.  

Det vil såleis framleis vere eit godt og sikkert varslingssystem i området.