Framdrift i prosjekt "ny sentrumskule"

Sykkylven kommune har gjennomført anbodskonkurranse på bygging av ny sentrumsskule for Sykkylven. Skulen er dimensjonert for ca. 500 elevar og skal stå ferdig hausten 2023 og er ei samanslåing  av 3 noverande sentrumsskular; Ullavik, Aure og Vik barneskular.

Det var 6 entreprenørselskap som leverte tilbod i konkurransen, og etter at desse tilboda er kontrollert og samanstilt, samt at nødvendig karnesperiode er avslutta, viser det seg at firmaet Åsen & Øvrelid A/S blir innstilt til oppdraget. Avsluttande kontraktsavklaringar er i gang, og kommunestyret skal gjere endeleg vedtak og tildele oppdraget på sitt møte den 27.september.

Leikeområdet blir hovudsakleg på austsida av bygget. 

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon

Åsen & Øvrelid AS er blant dei største entreprenørverksemdene i Sogn og Fjordane, med hovudkontor i Førde i Sunnfjord og dotterselskap i Ålesund. Oppdraget vil vere basert på totalentreprise og kontrakta vil ha en verdi i overkant av 200 mill. eks. mva. Det er planlagt byggestart på seinhausten 2021.

Ordførar Odd Jostein Drotninghaug seier i ein kommentar at han er svært fornøgd med at dette byggeprosjektet tydelegvis har vore interessant for entreprenørmarknaden, og at kostnadane no ser ut til å ligge omkring der kommunestyret tenkte seg.  Drotninghaug ser fram til byggestarten og det å kome skikkeleg i gang med prosjektet, og ikkje minst til å kunne ta i bruk ein moderne og funksjonell skule som også skal innehalde ein fullverdig idrettshall og ein godt integert kulturskule. 
- Dette kjem til å bli eit skikkeleg løft for kommunen, seier ordføraren.