Framtidsmøte - Sykkylven 2040DU er invitert! Innbyggarar, frivillige, næringsliv, politikarar og elles andre som er interessert i korleis vi kan forme framtida saman er invitert. Publisert 16.01.2025 15.38 Sist endra 28.01.2025 09.22 Mål for dagen Å få ei felles forståing for kva problem og utfordringar kommunane står overfor Å få innsikt i kva vegval vi står overfor framover Å få ei forståing for at utfordringane kan løysast på mange forskjellige vis, med nye måtar å tenke på Bli med å diskutere dette når vi 11. februar skal ta i bruk Framtidsverktøyet 2040 her i Sykkylven, som ei av dei første kommunane i landet. Vi får besøk av Gustav Weiberg-Aurdal og Anne Thorsrud i frå KS, som vil leie oss gjennom ettermiddagen. Det er viktig at vi alle tar eit heilskapeleg og langsiktig perspektiv i korleis vi tenke, når vi tar vegval i dag. Eg håper på ei god blanding av deltakarar, slik trur eg vi kan auke sjansane våre for å få opp dei gode ideane og tankane om korleis vi i Sykkylven kan møte framtida.Torbjørn Ove Emblem, kommunedirektør i Sykkylven Skjema for påmeldingKort informasjonDato: 11. februarTid: 17.30 Tidsramme: 2,5 - 3 timar Stad: NæringsfabrikkenGå til skjema for påmelding.