Industriareal til salgs

Sykkylven kommune kunngjer ledig areal innanfor Våtmyr industriområde for sal, gbnr 45/7.

Aktuelt utbyggingsareal er omlag 7 da i austre enden av gbnr 45/7.  Totalt areal på 45/7 er ca 12 da inkludert veg mm.   Eigedomen kan selgast samla eller delt.

Det er krav om regulering av eigedomen før utbygging. 

Eigedomen vert lyst ut for sal til høgstbydande. 

Sykkylven kommune tek atterhald om å kunne forkaste eventuelle bod dersom ein vurderer bodet å vere for lågt. 

Kjøpar må pårekne byggefrist på 3 år frå overtaking.

Nærare opplysningar om eigedomen finn du her. (PDF, 773 kB)

Tilbod kan sendast Sykkylven kommune, postmottak@sykkylven.kommune.no  innan 15.april 2024. 

Kontakt

Odd Jostein Drotninghaug
Kommunalsjef samfunn
E-post
Mobil 93 25 55 16

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post