Julehelsing frå ordførar

Den siste tida fram mot jul går alltid fort, og det har den gjort i år også. Mykje av det vi hadde tenkt å gjere før jul, må vente til over nyttår, og det er i grunn greitt det også. Med julefeiring rett rundt hjørnet, kan det vere fint å sjå seg litt tilbake, og tenke på året som snart er historie.

Sjølv har eg hatt mitt første år som ordførar, noko eg har trivast svært godt med. Kvardagen som ordførar er både interessant, lærerik, og ikkje minst variert. Eg føler meg privilegert som saman med andre lokalpolitikarar kan arbeide for eit trygt og godt lokalsamfunn. Eg vil nytte dette høvet til å takke heile kommunestyret for eit godt samarbeid i året som har gått.

Hadde verkeleg håpa at eg i årets julehelsing kunne skrive noko om at freden har seinka seg over Europa, og at ukrainarar på flukt, no kan reise trygt heim til eit land utan krig. Slik er det ikkje, krigen rasar meir brutalt enn nokon gong, og det bekymrer meg at vi er i ferd med å bli vande med det.

For oss som bur her i fredelege Sykkylven, har året kanskje gått som vi hadde håpa og tenkt. Det har skjedd mykje positivt, noko som er til glede for oss alle. Kommunen si satsing på tettstadprosjektet, har vore ein suksess. Nye møteplassar, nye trivselstiltak, og tomme butikklokale som har fått nytt liv, er noko av det som eg føler har gitt ny optimisme og entusiasme mellom innbyggarane.

Vi kan i desse dagar sjå at prosjekt Vinterlys er meir omfangsrikt, og vakrare enn nokon gong. Dette prosjektet har blitt svært godt motteke av innbyggarane. Det minner meg på den enorme innsatsen som blir lagt ned av frivillige her i Sykkylven. Det er mange som gjennom året legg ned ein imponerande innsats for andre mennesker. Ikkje minst alle som bidreg innanfor ulike lag og organisasjonar, og fritidstilbod for barn. Som kommunen og lokalsamfunn er vi heilt avhengige av denne innsatsen.

«Ingen nevnt, og ingen glemt», er eit ordtak som gjerne blir brukt, men det prinsippet ser eg bort frå denne gongen.

Aksjon Håp, vennegjengen som har slått ring rundt ein alvorleg sjuk kamerat, har gjort sterkt inntrykk på meg, Dei har gjennom året hatt mange ulike arrangement, og aktivitetar til inntekt for hjernekreftforskinga. Dei har samla inn mykje pengar, skapt stor merksemd rundt saka, og ikkje minst bidratt til håp. Eg blir som ordførar, og som medborgar stolt når eg tenker på at slike engasjement kan vekse fram her i kommunen. Tusen takk til Aksjon Håp, og til alle som har støtta dei ulike aktivitetane deira.

Jul betyr ofte fri, og hyggeleg samvær med venner og familie, men for mange av kommunen sine tilsette, betyr det også ekstra arbeidsinnsats. Mange må forlate familien denne dagen, for å arbeide innanfor ulike tenester, noko vi alle skal vere svært takksame for. Eg sender ei ekstra varm julehelsing til desse, og håpar at også dei får fine stunder saman med familien i løpet av juletida.

Til slutt vil eg ynskje alle ei god jul, og eit godt nytt år. Ta vare på kvarandre!

 

Olav Harald Ulstein
ordførar Sykkylven kommune