Korleis hindre spreiing av planteskadegjerarar og framande artar?

Planteskadegjerarar, ugras og framande artar kan spreie seg gjennom flytting av jordmassar, og med restar av jord, planter og frø på maskinar og utstyr. Dette kan gi store negative konsekvensar for eigedomane jorda vert flytta til.

Nokon skadegjerarar og eitt ugras er regulert i lover og forskrifter, som Mattilsynet forvaltar. Dette gjeld skadegjerarar som har vesentlege samsfunnsmessige konsekvensar, som potetcystenematoder (PCN) og floghavre. Det er difor viktig med tiltak for å unngå spreiing av desse. Mattilsynet har utarbeida informasjonsbrev med gode råd om korleis ein hindrar spreiing av desse artane:

Informasjonsbrev frå Mattilsynet – tiltak ved anleggsarbeid og flytting av jord (PDF, 200 kB)

Framande artar (for eksempel parkslirekne, kjempebjørnekjeks, kjempespringfrø, fagerfredløs, legepestrot osv.) kan også spreie seg ved flytting av jord. Dette ligg under Miljødirektoratet sitt forvaltingsområde. Slike artar kan ha negativ verknad på miljøet, og anleggsarbeid må difor ta omsyn til regelverket for framande organismar.

Informasjonsside om framande arter – Miljødirektoratet

Ikkje kast hageavfallet ditt i naturen

Framande artar utgjer ein trugsel mot norsk natur. Ifølgje forureiningslova er det ulovleg å dumpe hageavfall i naturen. Hageavfall som inneheld framande artar skal sorterast frå anna hageavfall, fordi det skal leverast til forbrenning på gjenvinningsstasjonen. Plantane skal pakkast godt inn i tette og gjennomsiktige plastsekker før levering.  Har du små mengder slikt avfall, kan du kaste det i restavfall. Slik bidrar du til at framande arter ikkje spreier seg frå hagane og ut i naturen.

Lurer du på om du har framande arter i hagen din? Sjekk artsdatabanken sitt oppslagsverk for meir informasjon

Informasjonsside om handtering av hageavfall - Miljødirektoratet 

Kontakt

Mandy Häger
Jordbrukssjef
E-post
Mobil 47 71 57 41

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post