Mange har ikkje vegadresse til fritidsbustaden sin, noko som kan få konsekvensar dersom uhellet er ute.
Ein nødplakat har all informasjon nødetatane treng for å finne fram når du treng rask hjelp. Nødplakaten er utskrift av ein "plakat" som alle enkelt kan lage sjølv på PC-en sin. Utskrifta inneheld den nøyaktige geografiske posisjonen for den staden du vel å lage nødplakat for.
Sist endra 07.10.2024 13.56
Slik lagar du nødplakaten
Nødplakaten til Kartverket er gratis, og alle kan lage sin eigen nødplakat på PC-en. Slik gjer du det:
- Klikk deg inn på Kartverkets noregskart (lenke lenger ned på sida)
- Zoom deg inn i kartet (eller bruk søkefeltet) og klikk på den eksakte staden du vil markere, til dømes hytta di
- Vel «Lag nødplakat» i menyen som dukkar opp og godta vilkåra
- Gi punktet ditt eit namn (til dømes «Hytta vår» og vel rett stadnamn)
- Kryss av at rett stadnamn er vald og klikk på «Last ned»
- Du får no ei pdf-fil som du kan ta utskrift av
- Heng utskrifta opp ein stad ho er lett å finne
Gå til norgeskart.no for å lage nødplakat
Nødplakaten kan du henge for eksempel på hytta di, slik at du raskt kan formidle kor redningsmannskapa kan finne deg.
Det kan òg vere lurt å ha ein nødplakat heime i stova eller gangen, dersom du ikkje har vegadresse heime.
Sjå kartverket.no for meir informasjon:
Lag din eigen nødplakat
Hytteadressen kan redde liv i påsken