Merkesesongen er i gong

Dei næraste månadane kan du treffe på landmålarar som målar kvite firkantar på bakken.  Merka er kvite firkantar, enten kvitmåla eller i form av plater montert på bakken. 

Ta dei godt imot, og la fastmerka vere i fred.

Eig du ein veg eller annan eigna stad for “signalering” som det heite på fagspråket når ein sett opp fastmerke for å måle inn flyfoto, kan det hende du får gjestar på eigedomen din. 

Hensikten med at desse merka blir markert er at ein skal finne dei igjen på flyfoto. Desse flyfotoa skal brukast til nykonstruksjon av grunnkartet til Sykkylven kommune. 

Det er svært viktig at fastmerka får vere i fred. Takk for at du ikkje dekker til, flyttar på eller øydelegg dei kvite firkantane. Dette er fellesskapets ressursar i arbeid. Vi vil alle nyte godt av å ha oppdaterte kart når landmålarane er ferdige og flyfotograferinga er gjennomført, oppmodar Jon Otter Skaaret i Kartverket.

Sjå kartverket.no for meir informasjon